Facebook ikon Twitter logo Print side

Statsbudsjettet: - Ikkje rom for vekst!

I dag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2018. Ifølgje rådmann Steinar Nesse vil ikkje dei frie inntektene dekkja utgiftene til regjeringa sine satsingsområde.


Rådmann Steinar Nesse seier at det ikkje er rom for vekst på noko område neste år.


- Veksten i dei frie inntektene vil knapt dekkja løns- og prisvekst. I tillegg kjem Fjell frå eit dårleg utgangspunkt i 2017 med ein særs utfordrande situasjon. Samla sett vil dette føra til at alle tenester i kommunen må stramma inn i 2018. Det vert ikkje rom for vekst på noko område, seier rådmann Steinar Nesse

Forslaget går no til behandling i Stortinget. Som vanleg vil det sikkert verta endringar i budsjettet før endeleg vedtak. Rådmannen seier at framlegget ikkje er noko lysteleg lesing.

Han oppsummerer framlegget slik:

2017

I revidert nasjonalbudsjett frå mai var det ein pårekna skatteauke for kommunane samla på eín prosent i år. I statsbudsjettet er veksten auka til 3,3 prosent (3,4 milliardar kroner). Veksten i Fjell er likevel berre på omlag eín prosent grunna den høge arbeidsløysa i kommunen vår.

2018

Regjeringa reknar med at skatteauken for landet frå 2017 til 2018 vert på 2,4 prosent. Grunnlaget for dette er ein pårekna sysselsetjingsvekst på 1,1 prosent og ein lønsvekst på tre prosent. Prisveksten er sett til 1,9 prosent, noko som gjev ein samla kostnadsdeflator på 2,6 prosent. Det er lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) på knapt 3,6 milliardar kroner.

Denne veksten skal mellom anna dekka auke ressursinnsats i kommunane til:

• Utviklinga i folketalet (vekst og samansetjing) 2,2 milliardar kroner (mrd.)

• Auke i pensjonskostnadene 0,35 mrd.

• Opptrappingsplan for rusomsorg 0,3 mrd.

• Tidleg innsats i barnehage og skule 0,2 mrd.

• Førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar (mellom anna skal kommunane ta større ansvar innan barnevernet) 0,2 mrd.

Ei rekkje andre oppgåver er i tillegg innarbeidd i kommuneopplegget:

• Helsestasjon og skulehelseteneste

• Dagtilbod demente

• Bustadsosiale tilsko

• Frivilligsentralar

• Sjukeheimsplassar og omsorgsbustader

• Krav til fleire barnehagelærarar i barnehagane, både private og kommunale

- Til sist kan eg nemna at ordninga med kompensasjon for ressurskrevjande brukarar vert stramma inn, at barnehageprisen aukar med kr 110 pr. månad. og at ordninga med eigedomsskatt også vert endra og stramma inn. Det er heller ikkje sett av midlar til krisepakke for særleg vanskelegstilte kommunar (høg arbeidsløyse), der Fjell fekk 20 millionar kroner i år, skriv rådmannen i si oppsummering.

Budsjett, handlingsprogram og økonomiplan for Fjell kommune skal behandlast i komité for drift og forvaltning og i formannskapet mot slutten av denne månaden, før ein høyringsrunde og endeleg handsaming i kommunestyret i midten av desember.

Vegformål

Elles kan det nemnast frå framlegget til statsbudsjett at det er føreslått å løyva om lag 36 milliardar kroner til vegformål. Dei statlege midlane til store vegprosjekt vil i hovudsak verta brukt til å følgja opp vedtekne riksvegprosjekt. Det er i 2018 mellom anna sett av midlar til OPS-prosjektet riksveg 555 Sotrasambandet.


Foto/red: Vigleik Brekke


Publisert: 12.10.2017 15:57
Sist endret: 12.10.2017 16:07