Facebook ikon Twitter logo Print side

Statsbudsjettet: 1,36 milliardar i frie inntekter til Fjell

Fjell kommune får om lag 1,36 milliardar kroner i frie inntekter i 2019. Dette går fram av framlegget til statsbudsjett som vart presentert i dag. Dette er ein vekst 55,2 millionar kroner frå rekneskapet 2018 til 2019, tilsvarande 4,2 prosent.

Ill.

Rådmann Steinar Nesse seier at Fjell kommune kjem godt ut i framlegget til statsbudsjett.

- Fjell kommune har lege etter i mange år og har dermed eit etterslep på inntektssida. Med ein vekst på 4,2 prosent i pårekna frie inntekter er det berre to andre kommunar i Hordaland som har sterkare vekst i dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) neste år enn Fjell. Fjell er mellom dei kommunane som har hatt skattesvikt dei siste åra på grunn av oljenedgangen. No ser vi at sysselsetjinga har auka og at dette slår positivt ut for skatteinntektene, seier Steinar Nesse.

Rammeoverføringa til Fjell kommune vert om lag 595 millionar kroner neste år. Resten av dei frie inntektene er skatteinntekter på 763 millionar kroner. I framlegget til statsbudsjettet skriv regjeringa at dei pårekna skatteinntektene no er justerte opp med 2,1 milliardar kroner samla for kommunane i forhold til nivået i revidert nasjonalbudsjett. Skatteauken dette året vert dermed justert opp frå 1,0 til 2,4 prosent.

Den samla realveksten i dei frie inntektene til kommunane frå 2018 til 2019 er på 2,6 milliardar kroner. Det er verdt å merka seg at meirskatteinntektene ikkje er teke med i dette samanlikningsgrunnlaget. Heile realveksten i dei frie inntektene skal gå til kommunane, ikkje til fylkeskommunane. Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i framlegget 2,8 prosent.

Delar av veksten i dei frie inntektene kan knytast til følgjande satsingsområde:
• 200 millionar kroner til opptrappingsplan for rusomsorg
• 200 millionar kroner til tidleg innsats i skulen
• 100 millionar kroner til opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering.

Det vert gjeve veksttilskot til kommunar som har hatt ein årleg befolkningsvekst på 1,4 prosent eller meir dei siste åra. Fjell er mellom desse kommunane og får 5,2 millionar kroner i 2019. Elles får Fjell kommune 4,9 millionar kroner i overgangsordning knytt til kommunereforma. Som ein del av dei frie inntektene frå staten, får Fjell kommune 3,8 millionar kroner i regiontilskot.

Andre saker/framlegg

  • Frå 1. januar 2020 er det lovfesta at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. Dette tilbodet er allereie godt utvikla i Fjell.
  • Det skal også innførast betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengige. Det har vore betalingsplikt for somatiske pasientar frå 2012.
  • Rammetilskot knytt til satsing på helsestasjon og skulehelsetenesta vert vidareført frå 2018 til 2019.
  • Frå 1. januar 2020 vil kommunane få plikt til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens.
  • Tilskot til frivilligsentralar er ein del av rammetilskotet, og beløpet vert prisjustert med 7,4 millionar kroner og vil utgjera 187,4 millionar kroner i 2019.
  • I 2019 er det rammer for å gje investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til om lag 1 500 einingar.
  • Dagens ordning med utvida gratis kjernetid for tre,- fire- og femåringar vert utvida til også å gjelda for toåringar. Makismal foreldrebetaling vert auka med 50 kroner pr. månad frå 1. august 2019.

Sotrasambandet

I statsbudsjettet er det sett av 550 millionar kroner i 2019 til rv 555 Sotrasambandet for å dekkja Statens vegvesen sine kostnader utanom OPS-kontrakten (OPS: Offentleg- privat-samarbeid). Prekvalifisering av OPS-kontrakten vert starta opp i løpet av hausten 2018. Det er lagt opp til at anleggsarbeida kan startast opp sommaren/hausten 2020. Arbeidet med å leggja om høgspentkabelen er i full gang. Les det som står om Sotrasambandet her., sjå s. 118.

Her kan du lesa budsjettproposisjonen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox

 


Publisert: 08.10.2018 15:45
Sist endret: 08.10.2018 15:54