Facebook ikon Twitter logo Print side

Statsrådbesøk i Fjell

Helseminister Bent Høie opplevde Fjell i vakkert sommarvér då han var på besøk på Kvednatunet på sundag.

Frå venstre; Bent Høie, Berit Anita Larsen, Bodil Giil, Ruth Sangolt, Line Barmen og Tom Georg Indrevik.
Frå venstre; Bent Høie, Berit Anita Larsen, Bodil Giil, Ruth Sangolt, Line Barmen og Tom Georg Indrevik. Foto: Tonje Tangen Alvsvåg.

Statsråden kombinerte deltaking på Vestlandskonferansen i regi av Høgre med besøk på Kvednatunet. Saman med lokale politikarar og leiarar hjå Omsorgssjefen fekk han snakka om prosjektet «Sjef i eige liv» og Fjell kommune sitt arbeid med demens. Fjell er ein av 15 modellkommunar i Demensplan 2020.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå statsråden etter besøket. Han tok seg god til å snakka med oss som er involverte i dette arbeidet. Vi fekk orientera om korleis vi legg til rette for at personar med demens kan få eit godt liv heilt frå første teikn til demens fram til dei har bruk for omsorgsbustad med heildøgnsomsorg, seier Tonje Tangen Alvsvåg. Ho er rådgjevar i staben til Omsorgssjefen: Tidlegare har ho vore styrar på Kvednatunet i fem år.

Tonje Tangen hadde mykje på hjarta då ho snakka med statsråd Bent Høie.
Tonje Tangen hadde mykje på hjarta då ho snakka med statsråd Bent Høie.

Saman med statsråden var varaordførar Tom Georg Indrevik og Berit Anita Larsen i Senior Høgre. Frå Fjell kommune møtte omsorgssjef Line Barmen, prosjektkoordinator hjå Omsorgssjefen Bodil Giil, styrar på Kvednatunet Ruth Sangolt og Tonje Tangen Alvsvåg.   


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 30.05.2018 09:34
Sist endret: 30.05.2018 09:45