Facebook ikon Twitter logo Print side

Stengjer administrasjonsfløy etter vasslekkasje

Delar av det eldste bygget på Foldnes skule vert stengt i opptil to månader etter vasslekkasje. Rektor Ragnhild Knudsen Magerøy er klar på at dette ikkje skal redusera kvalitéten på undervisninga. No startar ein lengre periode med tørking av delar av det eldste (raude) bygget på skulen.

Rektor Ragnhild Knudsen Magerøy framfor området som er sperra av.
Rektor Ragnhild Knudsen Magerøy framfor området som er sperra av.


- I dag (fredag) flyttar vi ut av administrasjonsfløyen. I tillegg vert personalrommet og to toalett sperra av for tørking. Tidleg i neste veke reknar vi med at to brakker er på plass for administrasjon og kontortenester. Eg er glad for at ikkje undervisningslokala er råka av vasslekkasjen, seier rektoren.

Leidningsbrot i grunnen

Soneleiar hjå Eigedomssjefen, Harald Polden, opplyser at det har oppstått eit leidningsbrot i grunnen under korridoren. Lekkasjen er no stoppa, men det gjekk ei stund før han vart oppdaga. Golvet er no opna opp for å få vekk fukta i grunnen.

- Difor vil arbeidet med å tørka ut fukta ta opptil to månader. Etter at tørkinga er fullført, startar arbeidet med å utbetra skadane. Golvbelegget må fjernast. I tillegg må veggplater på toaletta skiftast ut. Dersom det må skiftast ut asbestplater som følgje av lekkasjen, vil vi nytta strenge og sikre prosedyrar, seier Harald Polden.

Elevane som skal nytta dei sju klasseromma som ligg i det gamle bygget, nyttar inngangen mot sør. Det vert tilgang til gymnastikksalen via garderobane så lenge området ved hovudinngangen er sperra av.

- Det vert naturleg nok litt anleggsaktivitet på skulen med tørking og utbetring av skadane dei neste to - tre månadene. Skuleplassarealet vert også litt redusert som følgje av utplassering av mellombelse brakker. Vi har gjennomført risikovurdering av anleggsaktiviteten for å sikra ein trygg skulekvardag for elevane og dei tilsette, seier rektor Ragnhild Knudsen Magerøy.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 24.02.2017 13:20
Sist endret: 24.02.2017 13:25