Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi ser fram til å vera saman på Brattholmen skule

Skuleåret 2018/2019 skal fire klassar (80 elevar) på 6. og 7. årstrinn på Foldnes få undervisninga på Brattholmen skule. Dette er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å sanera asbest på Foldnes skule.

Rektor på Brattholmen skule, Anja Solli (til venstre) og Raghild K. Magerøy, gler seg over godt samarbeid om mellombels undervisningsopplegg neste skuleår.
Rektor på Brattholmen skule, Anja Solli (til venstre) og Foldnes-rektor, Raghild K. Magerøy, gler seg over godt samarbeid om mellombels undervisningsopplegg for to av klassane neste skuleår.

Leiinga på Foldnes og Brattholmen skular har sidan nyttår arbeidd med å planleggja det mellombelse undervisningsopplegget for dei to klassane.

- Både elevar og dei tilsette ser fram til dette. Elevane gjev uttrykk for at dei ser fram til å verta kjent med fleire elevar og kan knyta nye venskap, seier rektor på Foldnes skule, Ragnhild K. Magerøy. Saman med rektor på Brattholmen skule, Anja Solli, har ho brukt mykje tid på å finna gode løysingar for den mellombelse undervisninga neste skuleår for dei fire klassane.

Det er hovudbygget (det raude bygget) med administrasjon, gymnastikksal, grupperom og undervisningslokale for 6. og 7. årstrinn som skal renoverast. Arbeidet med å sanera asbest startar dagen etter skuleavslutninga den 21. juni. Det er venta at arbeidet med å renovera bygget vil ta eitt år. Administrasjonen på Foldnes skule vert flytta til «det grøne bygget» aust for skuleplassen.

Trygt og godt læringsmiljø

Leiinga på Foldnes og Brattholmen samarbeider tett for at også neste skuleår skal verta eit godt, trygt og lærerikt år, både for store og små. Leiinga på Brattholmen skule ser fram til samarbeidet med elevar og lærarar på Foldnes skule.

- Vi er sikker på at saman skal vi skapa eit godt læringsmiljø og til beste for elevane. Elevrådet på Brattholmen skule har invitert neste års 6. og 7. trinn på Foldnes skule til å ha sine representantar i deira elevråd. Både elevane og dei tilsette ser fram til å vera saman og knyta nye venskap neste skuleår, seier rektor på Brattholmen skule, Anja Solli. Ho opplyser at som følgje av fleire elevar neste skuleår, skal både gymnastikksalen på Brattholmen skule og Sotra Arena nyttast til kroppsøving.

Skuleskyss

Konsekvensen av det mellombelse undervisningsopplegget neste skuleår, er altså at fire klassar med 80 elevane på 6. og 7. årstrinn (noverande 5. og 6. årstrinn) på Foldnes skule skal gå på Brattholmen skule frå hausten av i eigne klassar. Alle elevane vil få skyss med buss til og frå skulen, og det vert lagt til rette for at dette skal skje på ein smidig og god måte for elevane. Konsekvensen av at det skal gå fleire elevar på Brattholmen neste skuleår, er auka trafikk og behov for parkering for tilsette.

- Vi ber om at elevane frå Foldnes nyttar skuleskyss for dermed å redusera trafikkbelastninga ved Brattholmen skule, seier Magerøy.

Sommar-SFO på Brattholmen skule

Som følgje av at arbeidet sanering av asbest startar opp like etter skuleavslutninga i år, vert det ikkje sommar-SFO på Foldnes skule fredag 22.06. og veke 26 (22.06.- 29.06.) og veke 31 og 32 (30.07.-10.08.). Men Foldnes-elevane får tilbod om å ha eigen sommar-SFO på Brattholmen skule. Frå skulestart den 16. august vert det ordinær SFO på Foldnes skule. Som ein konsekvens av at gymnastikksalen skal renoverast og ikkje kan nyttast neste skuleår, vert det lagt opp til gode alternativ for fysiske aktivitetar inne og ute.

Dei to rektorane opplyser at dei samarbeider godt med foreldregruppa via samarbeidsutvalet og FAU og kjem tilbake med meir informasjon før skulestart i august. Kontakt gjerne leiinga på skulen dersom du har spørsmål du treng svar på før meir informasjon kjem. Dei tek atterhald om at det kan verta endringar undervegs.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 14.06.2018 16:54
Sist endret: 14.06.2018 17:00