Facebook ikon Twitter logo Print side

Stjernestund med Rune Larsen, Helge Nilsen og Per Sævig!

"Å vestland vestland, når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik!". Det rungar i sang og trompetspill allereie klokka 10.15 på ein fredag føremiddag! Det er duka for vestlandsk cafè. Musikkterapeutene Guri og Sandra ønskjer velkommen og får fram den vestlandske patriotismen!

Helge Nilsen, Per Sævig og  Rune Larsen

Kantina fylt til det maksimale

Kantina ved Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim var fylt opp til det maksimale, med over 100 cafègjester til stades! Med skillingsbollar i hendene, og varm kaffi i koppen, sit folk i spenning og ventar på dagens musikarar. Det er ingen ringare enn Rune Larsen, Helge Nilsen og Per Sævig!

Kantina fylt til det maksimale

Rockefoten sit laust

Alle tre har publikum i si "hule hånd", der dei serverer historier frå den tida de spelte til dans på Sotra, fortel lattermilde vitsar og gjev publikum musikalske oppgåver undervegs. Rockefoten sit laust, og folk trampar takten, nikkar, smiler, syng og ler. Repertoaret er svært variert med alt frå folketonar til Everly Brothers, Elvis, Rickie Nelson og Kurt Foss & Reidar Bøe. Mange tok bilete og fekk slått av ein prat med musikarane, der fleire kommenterte at "dette var som å vera tilbake på ein stor fest i ungdomstida!", "Eg kjenner meg som 15 år igjen"! "Tenk at slike habile musikarar har lyst til å ta turen ut til oss då!".

Rockefoten sat laust

Reisecafèen er støtta av "Nasjonalforeningen for folkehelse"; og vert driven av musikkterapeutene i samarbeid med Demensforeininga i Sund, Fjell og Øygarden i tillegg til flittige lokale frivillige.

Fleire bilete

Stjernestund med Rune Larsen, Helge Nilsen og Per Sævig!Nysteikte skillingsbollar og kaffi i koppen

Tekst: Guri Gjermstad Dypvik og Sandra Sognnes


Publisert: 22.10.2018 10:47
Sist endret: 22.10.2018 12:44