Facebook ikon Twitter logo Print side

Stor dag for 100 år gamle Andrea

Flagget var heist til topps på Kvednatunet i dag. Den første april var det 100 år gamle Andrea Vindenes som skulle få all hyllest.

Varaordførar Tom Georg Indrevik overleverte blomar til jubilanten.
Varaordførar Tom Georg Indrevik overrekte blomar til jubilanten.


- Tusen takk for at vi fekk koma hit og gratulerer med dagen! Det er imponerande at du har nådd 100 år, sa varaordførar Tom Georg Indrevik då han overleverte blomar til jubilanten laurdag føremiddag.

Andrea Vindenes er svaksynt, men var klar for feiring på den store dagen. Ho vaks opp på Vindenes og gifta seg med Bernt Vindenes i 1944. Saman fekk dei fekk fire barn, og Andrea sørgde for at dei fire barna fekk ein god oppvekst på Vindenes. Bernt arbeidde hjå Alfred Hartvedt i Møllendalsvegen. Fram til Sotrabrua vart opna i 1971/1972, budde Bernt på hybel i Bergen. Han kom heim laurdag ettermiddag og fekk vera saman med familien til sundag ettermiddag då han tok båten til Bergen til ny arbeidsøkt.

Andrea vart åleine då Bernt døydde i 1992. Sjølv om ho var svaksynt, klarte ho seg imponerande godt åleine i huset på Vindenes. Ho har i alle år vore ein svært ivrig radiolyttar.

- Ho hadde fleire radioapparat rundt om i huset. Dei stod innstilte på faste radiostasjonar, seier dottera Gudrun.

- Når eg besøkte henne, stod alltid Kystradioen på, seier gamlepresten i Fjell og Øygarden, Svenn Martinsen, som også hadde teke turen innom for å besøkja jubilanten på laurdag. Presten har hatt kontakt med Andrea heilt sidan mannen til Andrea, Bernt, døydde i 1992.

Seinare på dagen feira Andrea dagen saman med 35 gjester på Kvednatunet.

Her er fleire bilete frå den store dagen: 

Andrea Vindenes og Svenn MartinsenBak Andrea Vindenes ser du frå venstre; Johannes Moene (svigerson til Andrea), Gudrun Moene (dotter til Andrea), Svenn Martinsen og Tom Georg Indrevik,

 
Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 01.04.2017 13:19
Sist endret: 01.04.2017 13:30