Facebook ikon Twitter logo Print side

Stor interesse for nytt band i serien Fjell bygdebok

- I Fjell har det budd folk med kulturelt særpreg lenge før Sotrabrua kom, sa leiar i bygdeboknemnda, Atle Justad, då han onsdag kveld ønskte dei 70-80 frammøtte i Fjell folkeboksamling velkomen til boklansering der det sjette bandet i serien Fjell bygdebok vart presentert.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy "opnar" det nye bygdebokbandet med god hjelp frå Atle Justad.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy "opnar" det nye bygdebokbandet med god hjelp frå Atle Justad.

Det sjette bandet «Mellom havet og byen» på 720 sider handlar om samfunnsutviklinga frå 1700 til 1910. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som «opna» bygdeboka.

- Det er eit stort og flott arbeid som er lagt ned her. Det har stor betydning for framtida og komande generasjonar å få skildra fortida på denne måten. Det siste bandet (perioden 1910 – 2020, red. merkn.) er også svært viktig. Då får vi komplettert historia for Fjell før vi går inn i Øygarden kommune, sa ordføraren før ho offisielt «opna» det sjette bandet av bygdeboka.

Forfattaren sjølv, Halvor Skurtveit, fekk naturlegvis mest tid ein kveld som dette. Han som truleg kjenner Fjell betre enn nokon annan, i alle fall om vi ser bakover, starta med å takka. Han takka alle privatpersonane sine bidrag til boka, lokalhistorisk nettverk, kollegaer hjå Kultursjefen, forlaget Bodoni og den tålmodige sambuaren, Trude.

- Og Gudveig Lillebø har vore trufast i arbeidet med bygdeboka. Ho har trilla ut mange trillebårer med språkleg «ugras», sa Halvor Skurtveit.

Motsetnad mellom bymann og stril

Han viste til det tette, men motsetnadsfylte forholdet mellom folket på øyane i vest og bergensarane. Det var spenning mellom byfolket og strilen sosialt og kulturelt. I boka får vi ei omfattande skildring av fiskarbondesamfunnet. Det som er spesielt med Fjell og nabokommunane, er at det er kort veg til det som var den største byen i landet på 1700-talet.

Ein forfattar som Johan Sebastian Welhaven hadde ikkje berre rosande omtale av folket her ute. Tvert om var skildringa av strilen nedlatande. Skurtveit fortalte at folketalsutviklinga var svært variert på 1700-talet og var påverka av epidemiar. På 1800-talet var det koleraepidemien i 1849 som påvirka folketalet mest dramatisk. Folketalet auka frå om lag 850-900 i 1700 til rundt 3 700 i 1910.

Forfattar Halvor Skurtveit
Forfattar Halvor Skurtveit

Bygdebokforfattaren har lagt vekt på å fortelja historier om enkeltpersonar. På presentasjonen onsdag kveld viste han mellom anna til dei mange som emigrerte til Amerika i slutten av den perioden som er omtalt i dette bandet.

Årets julegåve?

Det sjette bandet «Mellom havet og byen» kan kjøpast hjå lokale bokhandlarar og på servicetorget på rådhuset. På rådhuset kan du betala boka (kr. 490) med Vipps. Boka er trykt opp i eit opplag på to tusen. Når bygdebokprosjektet i Fjell i er fullført med det sjuande bandet (venteleg mot slutten av 2019) er det skrive tre band med allmennhistorie og fire band med gards- og slektshistorie.

Gudveig Lillebø har luka ut det "språklege" ugraset.
Gudveig Lillebø har luka ut det språklege "ugraset" og fekk blomar som takk.

Atle Justad opplyste at det første bandet «Det stig av hav» kom ut i 1996. Dette bandet omhandla natur- og kulturhistoria fram til 1700. Han understreka at i bygdebokarbeidet har ein lagt vekt på at arbeidet skal vera vitenskapleg basert og at det har vore eit tett samarbeid med Universitetet i Bergen. Det har også vore eit krav at forfattarane har hovudfag i historie.

På lanseringa spelte Arvid Torsvik fele og fekk med seg to dansarar frå Sotra Folkedanslag til å svinga seg til Sotraspringaren.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå lanseringa:

 

 


Publisert: 29.11.2017 23:36
Sist endret: 29.11.2017 23:44