Facebook ikon Twitter logo Print side

Stor plan for Bildøyna er klar for behandling

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 27. august ta stilling til om områderegulering for Bildetangen nord på Bildøyna skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planframlegget legg til rette for etablering av tre - fire tusen bustadeiningar og næringsareal på 100 dekar.

Døme på bygningsstruktur nord på Apalneset
Døme på bygningsstruktur nord på Apalneset

I september 2013 vedtok kommunestyret i Fjell kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby. Framlegget til områderegulering, som no ligg føre, er ein kommunal plan i regi av Fjell kommune, men planen vert utarbeidd på privat initiativ frå Liegruppen AS. Opus Bergen AS har utarbeidd planframlegget på vegner av Liegruppen AS.

Planområdet er på vel 400 dekar og strekkjer seg frå riksveg 555 i sør til Apalneset i nord, og ligg om lag eín kilometer frå senterområdet på Straume. Planområdet utgjer i dag hovudsakeleg utmark utan bygde strukturar, utanom ein fritidsbustad og eit par naust i vestre del av planområdet.

Formålet med områdereguleringa er å skapa ein sjøvendt og variert bydel med levande bustadmiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Planframlegget vil saman med Straume og dei andre områda i kommunedelplanen for Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024, utgjera heilskapen i regionsenteret.

Planframlegget skal styrkja regionsenteret ved å fremja felles kyst- og strilekultur, framtidsretta samfunns- og næringsutvikling, og bidra til å styrkja attraktivitet og vekst i heile kommunen. I tillegg til opp mot fire tusen bustadeiningar er det sett av areal til forretning, tenesteyting, bustad, kontor, hotell/overnatting, servering og grøntareal. Sotrasambandet er ein viktig føresetnad for gjennomføring av planframlegget.

Rådmannen skriv at sett i lys av omfanget på planframlegget og at utvikling av regionsenteret er omfattande, og krev store investeringar, vil det kanskje ta opptil 40-50 år å byggja ut heile området.

Rådmannen innstiller på at planen vert lagt ut til høyring i 12 veker.

Ny behandling av plan for Ranen, Foldnes

Denne planen legg til rette for etablering av 17 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal. KPU behandla planen i 2018. Det vart lagt til grunn at Gamle Foldnesveg skulle vera med i reguleringsplanen med rekkjefølgjekrav om samanhengande fortau langs Gamle Foldnesveg fram til krysset med Foldnesvegen (fylkesveg 209). I tillegg er det krav om utbetring av krysset mellom fylkesveg 209 og Gamle Foldnesveg med trafikksikker busshaldeplass på sørsida av krysset og gang- og sykkelveg fram til Foldnes skule. Rådmannen tilrår at planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre.

Møtet tek til klokka 16.00 og vert halde i kultursalen i Fjell rådhus

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Opus Bergen




Sist endret: 20.08.2019