Facebook ikon Twitter logo Print side

Store investeringar i 2017

Det skal investerast for 340 millionar kroner i Fjell neste år. Det er klart etter at kommunestyret torsdag ettermiddag vedtok budsjettet for 2017. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,7 milliardar kroner med eit mindreforbruk (overskot) på 1,4 millionar kroner.

I pausane vart det tid til drøfting ved dirigentbordet. Frå venstre; Daniel-Victor Sandvik (Frp), Ernst Einarsen (H), Fredrik Alexander Knudtsen Indrevik (H), Tom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Grethe Bergsvik (leiar politisk sekretariat).
I pausane vart det tid til drøfting ved dirigentbordet. Frå venstre; Daniel-Victor Sandvik (Frp), Ernst Einarsen (H), Fredrik Alexander Knudtsen Indrevik (H), Tom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Grethe Bergsvik (leiar politisk sekretariat).


Denne saka omfattar både kommuneplanen sin handlingsdel 2017-2020, årsbudsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Det var forslaget frå Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som fekk fleirtal i kommunestyret. Sotralista og Framstegspartiet røysta for sitt eige fellesforslag. SV røysta for sitt eige framlegg og fekk eí røyst på dei fleste punkta.

I tillegg til 286 millionar kroner som investeringsramme i innstillinga frå rådmannen, har kommunestyret lagt til 50 millionar kroner i utbetring av vegar (finansiert med bruk av kapitalfond), to millionar kroner til utgreiing og forprosjekt for utbygging av Bjorøy og Skålevik skular (totalt fire millionar kroner). Den totale investeringsramma vert dermed 340 millionar kroner. Sotralista og Framstegspartiet fekk ikkje fleirtal for mellom anna å nytta 100 millionar kroner til utbetring og bygging av vegar.

Dei største enkeltpostane på investeringsbudsjettet er lokalmedisinsk senter på Straume, rehabilitering/utbygging på Landro skule og bygging av tilrettelagde bustader. Det er også lagt inn fleire tiltak, rehabilitering m.m. (drift) på totalt 20 millionar kroner (arbeidsløysetiltak finansiert av staten).

Tillegg på driftsbudsjettet

Vedtaket i ettermiddag inneber at utover innstillinga frå rådmannen er følgjande tilleggspostar lagt inn i driftsbudsjettet (totalt 597 tusen kroner):

  • Gjerdet kulturminnegard                                              150 000
  • Støtte til ferdigstilling plan idrettsanlegg Ågotnes        100 000
  • Sotra brannvern og Fjell kyrkjelege fellesråd
    aukar «deflator» (rammene) frå 1,5 – 2,5 prosent       312 000
  • Natteravnene, avd. Straume                                          20 000
  • Medlemsavgift Transparency Internasjonal                   15 000

Gjerdet kulturminnegard får 150 tusen kroner ekstra.
Gjerdet kulturminnegard får 150 tusen kroner ekstra.


Det vart fremja nokre endringsforslag i kommunestyret som vart vedtekne. Det vart mellom anna vedteke å be rådmannen om å leggje til rette for å ta i bruk fondsmodellen for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde. I samband med handlingsprogrammet vart det vedteke at det i løpet av første halvår skal leggjast fram sak om utvikling av demenseiningane til kommunen med utgangspunkt i erfaringane frå prosjekta i Nederland og Oslo. Det vart også vedteke endring av gebyr for dispensasjonssøknader.

Andre utdrag frå vedtaket

Dei fleste gebyr og betalingssatsane stig med 2,5 prosent frå 2016 til 2017 (barnehage + 2,82 prosent)Vassavgifta stig med tre prosentAvlaupsavgifta stig med åtte prosentIngen stigning av renovasjonsavgiftaPrisen for tømming av private tankar/slamavskiljarar vert redusert med fire prosentDet skal fremjast ei sak der det vert vurdert om kommunestyremøta skal streamast (overførast direkte på nett-TV).To forslag frå FrP vert sendt over til politisk arbeidsutval. Det eine punktet omhandlar elektronisk saksbehandling, medan det andre gjaldt revisjon av arealplanen sin funksjonelle strandsone.11 politisk prioriterte mål i perioden 2017-2020 vart vedtekne samrøystes.

Godkjente plan for Mabbursvegen

Kommunestyret godkjente detaljreguleringsplan for Mabbursvegen, Anglavika. Planen legg til rette for å byggja fem nye bustader med totalt seks brukseiningar. Det har kome inn sju merknader til planen i høyringsperioden, fem av dei frå offentlege instansar. Fylkeskommunen meiner busstilbodet er avgrensa i området og er kritisk til korleis planen støttar opp under mindre bilbruk og god utvikling av senterområda i kommunen.
I utgreiinga viser rådmannen til at busstilbodet med 30 avgangar dagleg er svært godt og at det på overordna nivå i kommunen vert arbeidd med trafikksikringar på strekninga langs fylkesveg 209.

Andre saker i kommunestyret i dag:

  • Kommunestyret vedtok at Fjell kommune søkjer om medlemskap i Transparency International Norge (arbeid retta mot korrupsjon).
  • Kommunestyret godkjente ein trekkrett på inntil 200 millionar kroner. Saka kjem på bordet som følgje av at Fjell kommune frå 14. desember har DNB Bank ASA som ny hovudbank.
  • Sartor Butikkdrift AS, Sartor Storsenter, fekk innvilga salsløyve for alkohol i gruppe 1.

Sak om endring i forskrift om vass- og avlaupsgebyr vart trekt frå sakskartet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke

 


Publisert: 15.12.2016 23:20
Sist endret: 15.12.2016 23:34