Facebook ikon Twitter logo Print side

Store planar til behandling i komité for plan og utvikling

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Grønamyrsvegen, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 13. november behandla saka. KPU skal også gje innstilling i saka om detaljregulering av næringsareal på Smålonane.


Skisse/bilete over planområdet

Planområdet for Grønamyrsvegen er på 25 dekar og legg til rette for to areal med bustadblokker. Den høgaste blokka er på sju etasjar. Vidare er det planar om næringsareal fordelt på tre formål. Næringsbygga er på mellom to og fire etasjar. Her skal det leggjast til rette for publikumsretta aktivitetar som vender ut mot eit torg (Grønamyrsplassen) og gatetun. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar og eit viktig bidrag i vidareutviklinga av regionssenteret Straume. Det vert lagt opp til trinnvis utbygging av planområdet.

Plan for plasskrevjande og detaljvarehandel på Smålonane

Framlegget til detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume er klar for sluttbehandling. Planen legg til rette for 19 tusen kvadratmeter næringsareal som skal nyttast til plasskrevjande – og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar. Fylkesmannen og fylkeskommunen har motsegnspunkt til at det vert etablert detaljvarehandel utanfor sentrum. Motsegna vil ifølgje rådmannen truleg verta trekt dersom tiltakshavar går vekk frå detaljvarehandel i planområdet.

Dersom KPU innstiller til kommunestyret at planen vert godkjent, vil kommunen be Fylkesmannen om ei formell mekling før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Dersom ikkje meklinga med Fylkesmannen fører fram, vert saka sendt via Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Rådmannen legg saka fram utan innstilling, men skisser to moglege alternative vedtak. Det eine alternativet er å rå frå å godkjenna planen, medan det andre alternativet er å godkjenna planen med dei merknadene som går fram av saka.

Andre saker i KPU den 13. november

  • Detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Midtre Fjell (sluttbehandling)
    Planområdet er på 80 dekar og legg til rette for om lav 40 bustadeiningar og fortetting i eit eksisterande bustadområde. Rådmannen tilrår at planen vert godkjend. Saka vert avgjort av kommunestyret.
  • Sju klagesaker

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Ard arealplan

 


Publisert: 06.11.2018 23:24
Sist endret: 06.11.2018 23:33