Facebook ikon Twitter logo Print side

Storsamlingane «Saman mot mobbing» er i gang

Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue fekk god kontakt med dei 1 100 sjette- og sjuandeklassingane som var samla i Sotra Arena klokka halv ti i dag. Seinare på dagen kom 1 600 ungdomsskuleelevar og fekk møta både Ole frå Bruk Hue og Kjartan Eide frå Kjetil og Kjartans tips mot mobbing. På desse to samlingane i regi av Trygg i Fjell i dag har 2 800 elevar fått med seg god lærdom om dette viktige temaet. I morgon er det fagkonferanse der mellom anna kunnskapsministeren kjem.

Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue

Ole frå Bruk Hue gjekk rett på sak og ville vita korleis det stod til med bruken av sosiale medium blant sjette- og sjuandeklassingane.

- Kor mange i salen brukar Snapchat?

Dei aller fleste i salen rekte opp hendene. Litt vanskelegare vart det for elevane då Ole minna om at aldersgrensa for Snapchat og Facebook er 13 år.

- Veit foreldra dykkar om aldersgrensa, spurte Ole som også ville vita kor mange som har oppgjeve passorda til vener. Også her var det svært mange hender som gjekk i véret.

Berre «tullar litt»

Ole frå Bruk Hue brukte ein tankevekkjande videoserie for å synleggjera kor dristige vi er dersom vi «tullar litt» med å dela bilete/video på digitale
plattformer. Eksemplet frå videoen viste alvoret. Det enda opp med oppgjer med medelevar, foreldre, skule og politi.

Ole minna om at det er stor forskjell på måten barn og unge kommuniserer på sosiale medium i dag og det som var tilfellet for foreldra. Mykje av stemninga og kjenslene forsvinn med bruk av dei digitale plattformene. Mange er mykje tøffare i språkbruken når dei kommuniserer på mobil og nettet enn når dei er i dialog andlet til andlet.

- Hugs også at du alltid på ein eller annan måte legg frå deg elektroniske spor. Om lag 200 tusen Snapchat-bilete/klipp er «forsvunne». Og «berre tulla» er ikkje berre tull, så bruk hue og bruk hjarta, sa Ole Roger Vestøyl då han avslutta sitt innlegg i Sotra Arena i dag.

Storsamling i Sotra Arena

Tips mot mobbing

Kjetil Hasselberg frå «Kjetil og Kjartans tips mot mobbing» vart sjølv mobba det siste året på barneskulen og det første året på ungdomsskulen. Då bestemte han seg for å jobba med dette.

Kjetil Hasselberg frå «Kjetil og Kjartans tips mot mobbing»

Kjetil starta sitt innlegg med ein quiz om mobbing. Han spurte elevane om kva dei tenkte om påstanden om at gutar som mobbar har større sjanse for verta kriminell enn dei som ikkje mobbar. Han ønskte også svar frå elevane om dei trudde jentene mobbar mindre enn gutane.

Han viste til forskinga som slår klart fast at gutar som mobbar har større sjanse for å verta kriminell enn om dei ikkje mobbar. Han kunne også visa til
forskinga som konkluderer med at gutane mobbar meir enn jentene. Dette vert mellom anna forklart med at gutane mobbar både jenter og gutar, medan jentene stort sett berre mobbar jenter.

Prebz i Prebz og Dennis kom på besøk

Preben oppfordra ungdommane til å spørje om lov før ein ska poste eit bilete av andre vener.

Populære Preben i Prebz og Dennis

Fotogalleri

Kjetil Hasselberg

Kveldsarrangement

Dei to store konferansedagane held fram med arrangement for foreldre klokka 18 – 20 i kveld. Då vert det oppfølging av Bruk Hue-foredraget og panelsamtale leia av Marco Elsafadi.

Her finn du meir informasjon om BRUK HUE arrangementet.

Fagkonferranse

I morgon (torsdag) er det invitert til fagkonferanse der mellom anna kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem.

Her finn du program for fagkonferansen i morgon.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland


Publisert: 15.02.2017 13:36
Sist endret: 15.02.2017 13:58