Facebook ikon Twitter logo Print side

Stort engasjement for rydding i strandsona

- Dette er berre starten på ein rein kyst. Dei som trur at dette skal ta slutt, dei tek feil. Vi gjer dette for dei komande generasjonane. Dei som kjem etter oss, skal ikkje overta ein bosshaug, sa Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og Fiskeforbund då han avslutta folkemøtet i kultursalen i Fjell rådhus torsdag kveld. 70 personar hadde funne vegen til rådhuset den regntunge torsdagskvelden.

Kenneth Bruvik
Kenneth Bruvik


Om dei ikkje var der alle, så var mange der! Ordførarane i dei tre kommunane i regionen, to renovasjonsselskap, ei rekkje organisasjonar, enkeltpersonar og nasjonale og lokale medium var på plass. NRK og TV2 sendte direkte frå folkemøtet som vart stabla på beina på kort varsel.

FjellVAR AS, Norsk Gjenvinning AS og BIR AS har lova å ta imot plastboss. Gjenbruksstasjonane deler ut gratis sekker til rydding i stranda, og det kan gjerast avtale med gjenvinningsselskapa for innsamling frå organiserte ryddeaksjonar. Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) har kjøpt inn store mengder med plastsekker som kan brukast til strandrydding. Les detaljar om innsamling av boss her.

Dagleg leiar Åge Landro var oppteken av at det må sikrast langsiktige rammer for innsamling av boss i strandsona.

- Renovasjonsselskapa må få ei finansieringsordning for innsamling av avfall. Vi kan ikkje leva utan ei permanent finansiering av dette, sa Landro.

Åge Landro
Åge Landro

Behov for mange hender

Fagsjef Espen Elstad i FjellVAR sa at no trengs det mange hender. FjellVAR kjører vanlege ruter og kan ta med boss frå strandryddinga etter avtale. Fjellvar sjekkar om det er samla boss på kaiane på Vindenes, Apalvågen og Møvika på måndagar og torsdagar. Brattholmen kai og Bjorøyhamn kai vert sjekka ut på torsdagar. Elles kan det samlast boss i sekker ved hyttecontainarar der slike finst.

Kyrre Flotve i Norges Jeger- og Fiskeforbund oppmoda folk om å nytta nettstaden holdnorgerent.no.

- Gå inn på nettsida og finn aktuelle stader der det kan ryddast, rapportér og sett i gang. Fleire firma er interesserte i å rydda, men då må dei vita kvar dei skal rydda, sa Flotve. Følg også med på Facebooksida Frå vik til vik.

Regionsjef i Norsk Gjenvinning, Terje Olsen, understreka at plasten må leverast på rett måte. Norsk Gjenvinning held til ved kaien på Knarrvika og kan ta imot boss frå båt i tillegg til bil. Morten Sandøy i det same selskapet minna om at plasten kan gjenvinnast og verta nye produkt. Dermed vert plasten ein ressurs.

Jens Frølich Holte
Jens Frølich Holte

Politisk rådgjevar Jens Frølich Holte i Klima- og miljøverndepartementet sa at halvparten av marin forsøpling kjem frå Søraust-Asia. I tillegg til lokale tiltak, må vi arbeida for at andre land får eit betre avfallssystem. Miljødirektoratet har auka tilskotet til slik ryddeaksjonar frå 10 til vel 30 millionar kroner. Bergen og Omland Friluftsråd fekk avslag på den siste søknaden sin.

- Søk på nytt! Sjansen for å få støtte neste gong er større, sa rådgjevaren og lova å lysa ut desse midlane med det første. Søknadene vert behandla i løpet av mars.

Drøftar strandrydding i regionrådet

- Under eventuelt på styremøtet i Regionrådet Vest komande måndag vil eg ta opp dette, lova styreleiar Børge Haugetun som til dagleg er ordførar i Øygarden. Ordførar I Sund, Kari- Anne Landro viste til fylkesårsmøtet i Høgre sist helg der det vart teke til orde for å gradvis innføra forbod mot ikkje-nedbrytbar plast. Ho lova at dette vert tema når kommunalministeren kjem til Sund i neste veke. Fjellordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa at dette er først og fremst eit nasjonalt problem, men at ein også lokalt på ta ein runde på kva ein kan bidra med.

Ordførartrioen var der også; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).
Ordførartrioen var der også; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).

Jarle Kval

Og så har gåsenebbkvalen som vart funnen full av plast fått namnet sitt. Inge Kolltveit fekk med seg forsamlinga på at noko anna namn enn Jarle Kval var heilt uaktuelt. Og slik vart det.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 16.02.2017 21:11
Sist endret: 16.02.2017 21:20