Facebook ikon Twitter logo Print side

Stort engasjement om å vera frivillig

20 personar møtte opp då Fjell frivilligentral inviterte til frivilligforum i den oppussa frivilligsentralen på Sartor Storsenter i går.

Vi starta med ei liten rundtur i dei nye lokala. Dagleg leiar Stine Sanden var tydelig stolt då ho peika på mellom anna nytt kjøleskap og ny kjøkkenbenk. Dei frivillige såg ut til å lika både lokala, bollane og sjokoladekaka.

Vi fekk vist FRIDA;  frivilligsentralen sitt nye system med felles kalender for frivillige og frivillig koordinatorar. Dei fleste likte godt at dei no kan få lettare oversikt over aktivitetar og tilbod og lasta ned FRIDA appen med ein gong. Det er sjølvsagt frivillig å bruka FRIDA, men du må veraa registrert ved Fjell frivilligsentral og ha signert teieplikta for å bruka systemet. Her vil du finne oppdatert informasjon, og frivilligsentralen kan få oversikt over interesseområda til dei frivillige og leggja ut oppdrag til interesserte. Frivillige administrerer si eiga side, og har ikkje tilgang til andre opplysningar enn felles kalender og eigen informasjon.

Stine Sanden
Stine Sanden

Etter ein liten pause, sat vi i grupper der frivillige fekk dela erfaringar, og dei som er nye fekk mange gode tips. Det var mange som fortalde om kor mykje det betyr å vera frivillig. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein berre hjelper andre, ein hjelper like mykje seg sjølv. Mange understreka at det er viktig at ein får styra eiga tid og eigen innsats. Det er det som er det fine med å vea frivillig,  ein bestemmer sjølv. Frivilligsentralen understreka at det er viktig å gi beskjed om ein ikkje kan koma til avtalt tid, men det er heldigvis veldig sjeldan folk ikkje seier frå.

Det vart veldig kjekt i går! Stine Sanden og eg jubla når det dukka opp 20 frivillige der tre av dei var nye.

Takk for godt oppmøte og takk for frivillig innsats!


Unni Sørensen
nettverkskoordinator

 


Publisert: 26.10.2017 10:26
Sist endret: 26.10.2017 10:51