Facebook ikon Twitter logo Print side

Stort engasjement om godshamn på Ågotnes

Rundt 75 personar hadde funne vegen til folkemøtet på Ågotnes der Fjell kommune og Bergen og Omland Havn AS (Bergen Havn) informerte om planane om godshamn på Ågotnes.

Mange hadde funne vegen til folkemøtet på Ågotnes tysdag kveld.
Mange hadde funne vegen til folkemøtet på Ågotnes tysdag kveld.

I desember 2018 vedtok hamnerådet at godshamna for bergensregionen skal flytta frå Dokken i Bergen til Ågotnes. Tysdag kveld gav ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og hamnedirektør Johnny Breivik informasjon om bakgrunnen for vedtaket og status for planane om godshamn.

Ordføraren innleia med at både omsynet til klima og miljø og arbeidsplassar veg tungt når ein skal ta ei avgjerd som dette.

- Vi er opptekne av å skapa nye arbeidsplassar. Den samfunnsmessige gevinsten er svært positiv, trass i at det vert meir tungtransport på vegane, sa ordføraren. Ho viste til at Fjell kommune har teke strategiske grep for utviklinga på Ågotnes ved å kjøpa seg inn i Ågotnes Næringspark. Ho understreka at det er viktig å sjå heilskapen for området. Eit eige kvalitetsprogram er ein del av dette.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Hamnedirektør Johnny Breivik sa at avgjera om å flytta godshamna til Ågotnes er eit fornuftig fagleg val. Det er nokre utfordringar som er viktige å minimera.

- Den største utfordringa er Sotrasambandet. Flyttinga må tilpassast kva tid Sotrasambandet er fullført, sa Breivik. Han understreka også at sjø er den mest miljøvennlege transportmåten ved sida av tog.

På Dokken har hamnevesenet tilgang til om lag 240 dekar. Inklusive eksisterande base har Ågotnes eit tilgjengeleg areal på 700 dekar.

- Teoretisk kan hamna vera ferdig i 2025. Utnytting av eksisterande infrastruktur er gunstig for lokalt næringsliv og basen. Vi skal skapa ei hamn for framtida, sa Breivik. Målet er å skapa ei smart hamn, ei effektiv hamn, regional hub, ei hamn med vekstpotensiale og ei grøn hamn.

Hamnedirektør Johnny Breivik
Hamnedirektør Johnny Breivik

Hamnedirektør Johnny Breivik sa at avgjera om å flytta godshamna til Ågotnes er eit fornuftig fagleg val. Det er nokre utfordringar som er viktige å minimera.

- Den største utfordringa er Sotrasambandet. Flyttinga må tilpassast kva tid Sotrasambandet er fullført, sa Breivik. Han understreka også at sjø er den mest miljøvennlege transportmåten ved sida av tog.

Prosessen framover

Bergen og Omland Havn AS vart etablert den 1. mai i år. I løpet av året vert det teke sikte på å få på plass utkast til avtale mellom Bergen kommune, CCB og Fjell kommune. Endeleg avgjerd vert teken av styret og generalforsamlinga. Breivik opplyste at det kan verta aktuelt å investera opp mot eín milliard kroner.

Om lag 20 personar tok ordet i eit engasjert ordskifte. Fleire var kritiske til korleis auka hamneaktivitet vil slå ut for trafikken og støy for naboane. Det vart mellom anna stilt spørsmål om den planlagde vegen mellom Kolltveit og Ågotnes var ferdig innan at hamneaktiviteten startar opp. Andre tema som vart tekne opp var trafikksikring, korleis automatisering vil slå ut i tal arbeidsplassar, synergieffekt for næringslivet og om det vert hamneaktivitet på kvelds- og nattid.

Her er presentasjonen til Johnny Breivik.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå folkemøtet: 

Truls Strandheim stilte fleire spørsmål til ordføraren og hamnedirektørenOrdførar i Øygarden Børge Haugetun

 

 

 

 


Sist endret: 14.05.2019