Facebook ikon Twitter logo Print side

Stort potensiale for kollektivsatsing

Det er mogleg å få vesentleg fleire til å ta buss mellom Sotra/Øygarden og Bergen dersom rutetilbodet i større grad enn i dag vert tilpassa reisemønsteret. Det viser ei reisevaneundersøking gjennomført den 29. august. Betre kollektivtilbod kan også redusera køen i rushtida.


Frå morgonrushet på rv 555 ved Straume. Foto: Kjell Andersland

922 personar deltok i nettundersøkinga om korleis trafikantane reiste mellom Sotra/Øygarden og Bergen mellom klokka 06.30 og 09.00. 88 prosent av dei reisande til Fana/Ytrebygda (Kokstad/Sandsli) reiste med bil, medan berre åtte prosent tok bussen til desse bydelane. Også reisene til Fyllingsdalen er dominerte av bilistar.

- Undersøkinga viser at det truleg er mogleg å få langt fleire til å ta buss. Dersom det til dømes vert sett opp ekspressbussruter mellom Straume og Kokstad/Sandsli og Fyllingsdalen gjennom Knappetunnelen (ringveg vest), vert reisetida korta kraftig ned i forhold til i dag. Med eit slikt tilbod, trur eg langt fleire vil ta buss på denne strekninga. Dette kan dermed verta eit viktig tiltak for å redusera køen i rushtida, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

Folk reiser for å koma seg på jobb

Undersøkinga er gjennomført av kommunane i regionen i samarbeid med trafikkplanleggjar Helge Hopen. Om lag 17 prosent av dei som reiste i tida mellom klokka 06.30 og 09.00 deltok i undersøkinga.

- Den høge deltakinga gjer at undersøkinga har god representativitét. Undersøkinga viser at nesten alle (90 prosent) som passerer Sotrabrua mot Bergen om morgonen skal på jobb eller skule. Styrking av kollektivtilbodet kan vera eit godt bidrag til å få fleire til å ta buss og få redusert bilbruken og dermed redusera dei store forseinkingane som i dag rammar både bil- og kollektivtrafikken, seier Hopen.

Undersøkinga viser at berre eí av fem bilreiser går til Bergen sentrum (Bergenhus) der kollektivdelen er høg (45 prosent), medan fire av fem bilreiser går til andre bydelar der kollektivdelen er svært låg (mellom fem og åtte prosent). Elles går det fram av undersøkinga at 78 prosent av alle dei reisande i rushtida reiser med bil, medan kvar femte trafikant reiser kollektivt.

Her er fleire detaljar frå undersøkinga.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 01.09.2017 09:16
Sist endret: 01.09.2017 11:23