Facebook ikon Twitter logo Print side

Stortingskomité på Fjell-besøk

Det handla om kommunereforma, «Rett i jobb»-prosjektet og motsegn i praksis då Kommunal- og forvaltningskomitéen på Stortinget var på besøk i Fjell i dag.

Karin Andersen (SV) er leiar av Kommunal- og forvaltningskomitéen på stortinget.
Karin Andersen (SV) er leiar av Kommunal- og forvaltningskomitéen på Stortinget.

Etter at Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde ønskt stortingskomitéen og andre gjester velkomne til Fjell, orienterte ho saman med dei to andre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund), om arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune. Ho viste til viktige vedtak om namn på kommunen, kommunedelsenter og kommunevåpen. Det vart gjeve informasjon om overordna mål for den nye kommunen, utdrag frå intensjonsavtalen og utdrag frå undersøking om kva innbyggjarane i dei tre kommunane tenkjer om framtida for den nye kommunen.

Medlemene i stortingskomitéen stilte mellom anna spørsmål om korleis Nye Øygarden kommune har tenkt å nytta kommunedelsentera og biblioteka. Leiar i fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, sa at det til dømes er aktuelt å lokalisera legetenester, bibliotek og andre tenester i kommunedelsentera.

Karin Andersen saman med dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahøl Bjorøy (Fjell).
Karin Andersen saman med dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahøl Bjorøy (Fjell). 

«Rett i jobb»

Rådmann Steinar Nesse orienterte om «Rett i jobb»-prosjektet. «Rett i jobb»-prosjektet har gjort det mogleg for flyktningar å kombinera arbeidspraksis og språkopplæring. Målsetjinga med prosjektet er raskare integrering ved at innvandrarar kjem lettare og raskare i jobb.

Steinar Nesse
Rådmann Steinar Nesse

- Flyktningane ønskjer å arbeida og er vande med å klara seg sjølv. Vi har eit kjempegodt samarbeid med Fylkesmannen og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI). Vi tilset flyktningane fordi vi har bruk for dei, sa Nesse.

Metoden er enkel. Det vert gjennomført nøye kartlegging av deltakar, skreddarsydd val av arbeidsstad/oppgåver og tett oppfølging ved eigen mentor på kvar arbeidsstad. Dei ti flyktningane som har vore med i «Rett i jobb»-prosjektet, har anten fått arbeid i kommunen, gått over til utdanning eller fått jobb i privat verksemd.

Leiar i kommunal- og forvaltningskomitéen, Karin Andersen, sa at ho hadde sansen for den overordna tanken med dette prosjektet. Ho stilte spørsmål om kva som vert situasjonen for flyktningane når prosjektperioden er slutt og kva som skjer med dei flyktningane som er skadde og sjuke.

Motsegn

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy innleia om temaet motsegn og konkretiserte temaet ved å ta utgangspunkt i reguleringsplanen for Smålonane på Straume. Fjell kommune har godkjend detaljregulering for næringsareal på Smålonane. Som følgje av at Fylkesmannen og fylkeskommunen har kome med motsegn til planane, er planen sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Ho stilte mellom anna spørsmålet om kva som skal definerast som detaljvarehandel, plasskrevjande varehandel og volumbasert varehandel.

Leiar for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Beate Husa, orienterte om bakgrunnen for at fylkeskommunen har kome med motsegn til planen. Ho viste til regional føresegn for handel der det heiter at ved nytt eller samla bruksareal for detaljhandel i reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve som overstig tre tusen kvadratmeter, er det krav om samtykke frå fylkeskommunen.

- Føresegnene til denne planen er i strid med regionale føresegner, sa Husa.

Fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim, var tydeleg på at han ikkje ville kommentera planen for Smålonane.

Fylkesmann Lars Sponheim
Fylkesmann Lars Sponheim

- Den saka vil eg ikkje kommentera. Saka ligg til behandling i departementet, og kommentar frå meg vil vera uryddig, sa Sponheim.

Ifølgje Sponheim er talet på motsegner dei siste åra redusert. Fylkesmannen i Hordaland var ein av dei Fylkesmennene som fekk samordna statlege motsegn. Fylkesmannen kallar inn til samordningsmøte med kommunen der ulike statsetatar og Fylkesmannen fremjar sine synspunkt på den aktuelle planen.

- Ofte finn vi ei løysing over bordet og unngår motsegn, sa Sponheim.

Her er fleire bilete frå samlinga:

Beate Husa

 

 

 

 


Sist endret: 19.03.2019