Facebook ikon Twitter logo Print side

Stortrivst på el-sykkel i skjørt og høghæla skor

Ho smiler frå øyra til øyra, Anne Heidi Midtun, når ho leikande lett syklar inn mot hovudinngangen til Fjell rådhus.

Anne Heidi Midtun syklar lett i motbakkane med el-sykkelen sin.
Anne Heidi Midtun syklar lett i motbakkane med el-sykkelen sin.

- Eg susar rundt på el-sykkelen min og storkosar meg med det, seier medarbeidaren hjå personalsjefen. Det er vel ikkje fritt for at ho er litt stolt over å kunna visa til at ho har vald ein reisemåte som er godt for både helsa og miljøet. Og dessutan vert det mindre press på parkeringsarealet utanfor rådhuset.

I vinter har rådmannen etter oppdrag frå kommunestyret vurdert ulike tiltak for å redusera presset på dei kommunale parkeringsplassane og å få fleire til å gå, sykla, køyra saman eller ta buss i staden for å nytta bil til og frå jobb. Anne Heidi stiller gjerne opp for ei god sak.

Sykkelturen frå Brattholmen til Fjell rådhus tek berre 10 minutt. Og med ei investering på 15 tusen kroner, kan ho med el-sykkelen koma seg til jobb lettare og raskare enn dei fleste andre.

- Eg kler meg etter veret, og med el-sykkel slepp eg å koma sveitt på jobb, seier Midtun som i prinsippet syklar til og frå jobb kvar dag.

Vaktmeister Arne Gåsland Jakobsen ruslar forbi når Anne Heidi tek av seg hjelmen og viser fram el-sykkelen.

- Eg har vore inne på tanken å kjøpa meg el-sykkel eg også, seier Arne utan dermed å lova at han gjer noko med det.

Kristoffer spaserer

Medarbeidar hjå Plan- og eigedomssjefen, Kristoffer Barhaug, spaserer til jobb.

Kristoffer Barhaug
Kristoffer Barhaug

- Det tek meg berre 15 minutt å gå frå heimen min på sør på Straume til rådhuset. Det kan sjølvsagt vera fristande å bruka bilen når det er dårleg ver, men med tette regnklede, går det fint, seier Kristoffer som berre i sjeldne og nødvendige tilfelle køyrer til jobb.

Ein ting er sikkert; både Anne Heidi og Kristoffer slår eit slag for å gå eller sykla til jobb. Det er godt for både helsa, miljøet og privatøkonomien.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 09.05.2018 08:40
Sist endret: 09.05.2018 10:51