Facebook ikon Twitter logo Print side

Straume bu og servicesenter markerte i dag «Kva er viktig for deg ?» dagen

Straume bu og servicesenter har i dag markert «Kva er viktig for deg – dagen». Dette er ein nasjonal og internasjonal dag. KS og Folkehelseinstituttet står bak satsinga og vert støtta av Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet.

I omsogstenesta ynskjer vi å ha endå meir fokus på dette viktige spørsmålet. Vidare må vi lytte til svaret, og ta det med oss i arbeidskvardagen.
Alle avdelingar på Straume bu og servicesenter har hatt dette spørsmålet oppe i samtalar med brukarane og pårørande. Det som har kome fram er skrive ned og vil danne grunnlag for vidare arbeid.

Markeringa starta med trim og morro i kantina. Dette er eit fast tilbod, for ca 70 brukarar frå Straume bu og servicesenter og Fjell sjukeheim. Deretter gjekk turen ut i sansehagen. Her vart vi møtt av Sydhavsmusikk, nysteikte vafler, alkoholfri drink, Costa del Sotra område og loppemarked. Så var vi så heldig å få besøk av dei minste frå Straume barnehage som framførte tre sangar for oss. Saman kosa vi oss med bading og leik.
Nytilsett musikkterapeut, Sandra Thorstensen, framførte tre melodiar. Vi fekk både piano, gitar og trompetspill.

Tilbakemelding frå ein av brukarane var «Dette er terningkast 6».

Her er fleire bilete frå "Kva er viktig for deg" dagen på Straume bu og servicesenter:

Tekst/foto
Astrid Geitle
Ingunn Einen
Ingvild Danielsen


Publisert: 06.06.2018 19:44
Sist endret: 07.06.2018 10:49