Facebook ikon Twitter logo Print side

Struktursaka klar for behandling i kommunestyret

Den 22. februar skal kommunestyret ta stilling struktursaka der det mellom anna er føreslått endringar i skulestrukturen. Den 6. februar gjekk komité for drift og forvaltning (KDF) inn for å tilrå å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019.

Frå møtet i komité for drift og forvaltning den 6. februar
Frå møtet i komité for drift og forvaltning den 6. februar.

KDF følgde ikkje rådmannen sitt forslag om å flytta elevane på Skålevik mellombels til Ulveset frå august av. Dersom kommunestyret sluttar seg til forslaget vil det verta fremja sak om sjølve nedleggingane som mellom anna avklarer nytt skuletilbod for elevane.

I tilrådinga frå KDF heiter det også at det «Raude bygget» på Foldnes skule vert rive og erstatta med nytt bygg. Elevane i 6. og 7. årstrinn går mellombels på Brattholmen skule til nytt bygg står klar til bruk. Vidare vert det innstilt at Bjorøy skule vert rehabilitert og at mellomsteget (5. – 7. årstrinn) går på Liljevatnet medan rehabiliteringa vert gjennomført. Det skal leggjast fram ei eiga sak om endring av skulekrinsane og at rådmannen vurderer nærare dei andre innsparingstiltak som er vist til i saka.

Andre saker i kommunestyret den 22. februar

  • Prosjekt Kommune-ROS for Fjell, Sund og Øygarden
  • Oppmoding i frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om busetting av flyktningar i 2018
  • Parkeringsavgift for tilsette ved Fjell rådhus og ved kommunale tenestebygg i helselandsbyen på Straume
  • Status om innsats til nedkjemping av barnefattigdom i Fjell kommune, og framlegg til tiltak
  • Kommunal garanti for lån – FjellVAR A/S
  • Konstituering av rådmann
  • Aksjekjøp i Ågotnes Næringspark AS

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 15.02.2018 23:11
Sist endret: 15.02.2018 23:17