Facebook ikon Twitter logo Print side

Studentar utarbeider forslagsplanar

Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell Sund og Øygarden deltek i eit pilotprosjekt der studentar utarbeider forslagsplanar.

Frå venstre; Astrid Østerholt (musikkterapistudent), Martine Charlotte Smith (ergoterapistudent), Mina Hoiheite (student i klinisk ernæring), Lene Torvund (sosionomstudent) og Astrid Berg Lemstad (psykologstudent).
Frå venstre; Astrid Østerholt (musikkterapistudent), Martine Charlotte Smith (ergoterapistudent), Mina Hoiheite (student i klinisk ernæring), Lene Torvund (sosionomstudent) og Astrid Berg Lemstad (psykologstudent).

- Dette har vore lærerikt. Ikkje minst med tanke på at vi representerer ulike fagområde, seier musikkterapistudent, Astrid Østerholt, som saman med fire andre studentar har utarbeidd forslagsplanar for to deltakarar i haust.

Fjell kommune har i fleire år vore ein del av TVEPS-samarbeidet (tverrprofesjonell samarbeidslæring for helsefagstudentar på Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet). Tidlegare har det vore studentar som har laga tiltaksplanar til brukarar på Fjell sjukeheim, heimetenesta og Straume bu- og servicesenter.

No vert samarbeidet utvida til nye arenaer. På fredag i sist veke møtte dei fem studentane Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden, Lærings- og mesteringssenteret i Helse Bergen og representantar frå Universitetet i Bergen som også leiar TVEPS-samarbeidet. Dei fem studentane representerer sosionomfaget, musikkterapi, psykologi, ergoterapi og klinisk ernæring.

Dei fem studentane har hatt eitt møte med dei to deltakarane, på ein og ein halv time kvar.

- Vi starta med å spørja deltakarane om korleis ein vanleg dag er for dei, forklarar studentane.

Lagar utkast til forslagsplan

På grunnlag av samtalen har studentane utarbeidd eit utkast til forslagsplan for dei to deltakarane. På møtet på fredag presenterte studentane planane for representantane frå Frisklivs- og meistringssenteret, Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen og representantane frå UiB. Studentane fekk gode tilbakemeldingar på sine forslag til tiltak for deltakarane.

Frisklivs- og meistringssenteret presenterer så planane for deltakarane som sjølv vel om dei vil gjera noko med forslaga. Forslagsplanen har ein mal som viser utfordringar, forslag til tiltak og korleis tiltaka kan gjennomførast. Frisklivs- og meistringssenteret meiner det også kunne vore nyttig med ei kolonne som forklarer kvifor tiltaka vert gjennomførte.

- Deltakarane var nokså ulike, men eg vil seia at begge opna seg godt for oss, seier Martine Charlotte Smith som studerer ergoterapi. Deltakarane hadde samansette utfordringar.

Unn Telle (frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden, (FMS)), Anita Alvheim (FMS), Unn Telle (FMS), Ane Johannessen (førsteamanuensis Universitetet i Bergen og leiar av TVEPS), Elin Gundersen (TVEPS-koordinator, UIB), Cathrine Bjorvatn (   , Elin Gundersen /TVEPS-koordinator, UIB) og Marie Tjelta (Lærings- og mestringssenteret Helse Bergen).
Unn Telle (frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden, (FMS)), Anita Alvheim (FMS), Unn Telle (FMS), Irene Kjønnerød (FMS), Ane Johannessen (førsteamanuensis Universitetet i Bergen og leiar av TVEPS), Cathrine Bjorvatn ( leiar Lærings- og mestringssenteret Helse Bergen), Elin Gundersen (TVEPS-koordinator, UIB) og Marie Tjelta (Lærings- og mestringssenteret Helse Bergen).

Fristlivs- og meistringskoordinator på Frisklivs- og meisteringssenteret lokalt, Anita Alvheim, seier at begge deltakarane har gjeve tilbakemelding på at dei opplevde samtalen fint.

Kva nytte har de av jobben som er gjort av studentane?

- Dette pilotprosjektet har eit tverrfagleg fokus med kartlegging og forslag til tiltak. Med forslag frå ulike profesjonar får vi gode «tips og triks» som vi tek med oss i arbeidet vårt her. Det er også greitt å få tilbakemelding på at studentane ser mykje av det same som oss og kjem til same tiltak, seier Alvheim.

Representantane frå Helse Bergen og Universitetet i Bergen er tydelege på at dette er til stor nytte for alle partar.

- Studentane får opplæring i tverrfagleg samarbeidslæring. Vi er dei einaste i Noreg som gjer det på denne måten. Både praksisarenaen, studentane og vi får nytte av dette opplegget, seier Ane Johannessen, førsteamanuensis og leiar av TVEPS.

Lærings- og mestringssenteret til Helse Bergen er også godt nøgd med arbeidet til elevane.

- De er godt samkøyrte og de har makta å byggja på det tverrfaglege, sa leiar Cathrine Bjorvatn på møtet på fredag. Læringssenteret var med på møtet som observatør. Dette senteret skal vera arena for TVEPS og ønskte å verta kjent med korleis pilotprosjektet vert gjennomført her lokalt.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 05.11.2018 15:18
Sist endret: 05.11.2018 15:49