Facebook ikon Twitter logo Print side

Studietur til Rouen / Sotteville-lès-Rouen

Frå 4 – 10. november drog franskelevene på 10. trinn fra Fjell ungdomsskule til Rouen og Sotteville. Turen vart dekt av eit stipend vi vann frå SIU/DIKU. Det var fire prosent sjanse for at vi kom til å få stipendet, men vi var dei heldige vinnarane. Totalt 30 elever og tre lærerar var med på turen. 12 av elevene budde i vertsfamiliar i ein kommune litt utanfor Rouen som heiter Sotteville. Resten av elevane budde på eit ungdomsherberge i Rouen.

Det første møtet med ungdomsherberget, der alle sov første natta, var ein nedtur. Det var skittent og merkeleg. Trass i dette svarte Rouenturen til alle forventningane. Rouen er ein koseleg, liten by som var lett å finna fram i, sjølv om vi berre var der ei veke. I byen var det god stemning og det gjekk mykje i shopping og latter. Vi hadde meir fritid enn vi venta oss, og det var veldig kjekt. Vi fekk trent masse på fransk ved å finna ut av buss- og metroruter, gå på kafé, handla i ulike butikkar og høyra fransk alle stader.

Møtet med vertsfamiliene var koseleg. Alle var hyggelege og tok imot oss med åpne armer. Vi fekk prøva ny og spanande mat som var veldig god. Ungdommane i Sotteville hadde ein veldig lang skuledag på 9 timar nesten kvar dag. Då dei kom hem, åt vi middag i lag med familiane, og så gjekk borna og la seg. Dei likte å bruka god tid på alle måltida sine. Dei såg på spising som ein hobby.

I løpet av veka i Rouen/Sotteville besøkte vi i alt fire ungdomsskular, to barneskular og ein vidaregåande - Lycée Pierre Corneille der det går om lag 24 norske elevar. Det som gjorde sterkast inntrykk på fleire av oss, var besøket på ein barneskule der vi fekk vita at om lag 20 av elevane budde på gata!

På ungdomsskulane var vi med på ulike aktivitetar – laging av lunsj, presentasjon av dei to landa sine ulike skulesystem, dekorasjon av skuleplass (Diwali)....

Denne veka lærte vi masse nytt om den franske kulturen og nokre nye franske ord. Det vi saknar mest, er byen (der det var overraskande mange uteliggjarar med mange søte hundar), skulane vi besøkte, latteren og gleda.

Om de ynskjer å vite meir om denne studieturen, kan de kontakta læraren vår, Trude, som og lærte masse av å vere med på ein slik tur

Kristin, Emilie, Ole og Camilla

Bilete

 


Publisert: 30.11.2018 07:06
Sist endret: 30.11.2018 07:06