Facebook ikon Twitter logo Print side

Svekka tenestetilbod i 2018

- Velkomen til eit krevjande budsjettseminar med mange vanskelege problemstillingar! Det var orda rådmann Steinar Nesse møtte kommunestyremedlemene og administrative leiarar med på budsjett- og strategiseminaret på Flesland måndag føremiddag.

Rådmann Steinar Nesse gjer det klart at det vert innstrammingar i åra som kjem. Til venstre; økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt.
Rådmann Steinar Nesse gjer det klart at det vert innstrammingar i åra som kjem. Til venstre; økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt.

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som først ønskte velkomen til seminar. Ho var trygg på at dette ville verta eit interessant seminar, men understreka kor viktig det er at alle spørsmåla vert stilte. Ordføraren minna om at fram til 2020 vil det gå føre seg tre parallelle prosessar. Det skal byggjast ein ny kommune, eksisterande kommune skal drivast vidare, og for det tredje skal Fjell kommune på sikt avviklast.

I samband med presentasjonen av budsjettgrunnlaget viste rådmann Steinar Nesse til at folketalsutviklinga er svært viktig for økonomien til kommunen. Den svake folkeveksten i 2016 får konsekvensar for økonomien i 2017. Folkeveksten i 2017 har teke seg opp igjen, og det gjev noko betre økonomi for kommunen i 2018.

Nesse var likevel tydeleg på at det er nødvendig med innstramingar i åra som kjem.

- Tilbodet i 2018 vert ikkje på det nivået vi har i dag, om ein ikkje tek spesiell grep, sa rådmannen som ville ha svar på om det skal gjerast strukturelle grep eller om ein skal flikka litt her og der.

Frå samlinga på måndag.
Frå samlinga på måndag.

Styrer mot stort underskot for 2017

Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt sa at for 2017 styrer kommunen mot eit underskot på rundt 30 millionar kroner. Dei frie inntektene (skatt og rammeoverføringar) vart reduserte med 30 millionar kroner frå 2016 til 2017.

Skatteveksten i Fjell er på eín prosent, medan veksten i landet er på 3,9 prosent. Budsjettframlegget for 2018 legg til grunn auka utgifter til NAV, auka kostnadspress på barnevern og stor auke i netto utgifter til utanbygds barn i barnehagar. I budsjettgrunnlaget er det lagt inn 10 stillingar til drift av lokalmedisinsk senter.

Budsjettramma for 2018 er på 1,8 milliardar kroner. Vekstilskotet er redusert frå 11,8 millionar kroner i 2017 til 6,5 millionar kroner i 2018. Integreringstilskotet er redusert med 11 millionar kroner, og det er i statsbudsjettet ikkje lagt inn pengar til tiltakspakke/krisemidlar slik det vart for 2017. For å kunne leggja fram eit budsjettframlegg i balanse, er det budsjettert med finansavkastning på fem millionar kroner og 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt.

Framlegget til investeringsbudsjettet for 2018 har ei bruttoramme på 264 millionar kroner. Dei største enkeltsummane er bygging av lokalmedisinsk senter (100 millionar kroner), utbetring av Bjorøy skule, bustader, tiltak og vidareutvikling på Ågotnes idrettsanlegg og rehabilitering/utbygging av Landro skule.

Budsjettet skal først behandlast i komité for drift og forvaltning den 31. oktober. Formannskapet har budsjettet på sakskartet den 8. november. Budsjettet vert sluttbehandla i kommunestyret den 14. desember.

Seinare på dagen var det oppdatering av status for politiske prioriteringar, handlingsprogrammet og økonomiplanen. Det var også gjeve status for klima,- miljø og energiplanen, kulturminneplanen og avfallsplanen.

På tysdag skal prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul Manger, informera om vidare framdrift for prosjektet. Andre tema på tysdag er «Sjef i eige liv», lokalmedisinsk senter og samhandling av tiltak for barn og unge.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


 


Publisert: 17.10.2017 00:48
Sist endret: 17.10.2017 00:59