Facebook ikon Twitter logo Print side

Sykkel-VM-lansering for næringslivet

Tysdag den 17. januar får næringslivet presentert korleis det kan ta del i den store folkefesten når Sykkel-VM går av stabelen i tida 16. – 24. september.

Foto: Tom Gulbrandsen
Foto: Tom Gulbrandsen


Fjell og Øygarden kommunar vert på ein særleg måte involverte i arrangementet som følgje av at to av ritta startar i Øygarden og går gjennom Fjell før avslutninga i Bergen.  

Tysdag den 17. januar i Grieghallen (Peer Gynt) vert altså særleg næringslivet invitert til å verta kjen med korleis det kan ta del sykkelfesten.

På nettsida til Bergen 2017 kan du lesa meir om dette og melda deg på arrangementet.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 04.01.2017 12:41
Sist endret: 04.01.2017 12:44