Facebook ikon Twitter logo Print side

Ta bestillingsbussen på torsdagar i sommar!

Bestillingsbussen går som vanleg kvar torsdag i heile sommar for dei som treng ein tur til og frå Straume.

Alle er velkomne på bussen. Ring 55 09 69 29 (10-14) for å bestilla, eller les meir om ordninga her. Du kan bestille fast plass. Då gir du berre beskjed når du må avbestilla. Seniorsenteret held ope 10.30 – 13.00 kvardagar i sommar med kaffi og nysteikte vaflar (stengd veke 28 og 29).

Aktivitetar hausten 2017:

  • Torsdag 10. august 11.00: Høyrselhjelp på Fjell frivilligsentral (andre torsdag kvar månad).

  • Onsdag 16. august: Strikkekafe på Fjell frivilligsentral kl. 14.30 - 17.30 (anna kvar onsdag i månaden).

  • Torsdag 17. august 11.00: Leiar av Eldrerådet og Treff+, Berit Anita Larsen, informerer på Seniorsenteret om kommande aktivitetar på Treff+.

  • Tysdag 22. august: Aktiv+  kl. 10.30 - 14.00:
         - kl. 10.30 - 12.00: Aktivitetstilbod
                        - Tur på grusveg i parken, forskjellige grupper som går ulik lengde
                        - Trening i sal med instruktør
                        - Balansegruppe i sal med fysioterapeut
                        - Trening i styrkerom - volleyball - badminton – kulespel /petanque
         - kl. 12.00 - 13.00: Kulturinnslag/foredrag: Demokratiet i det 21. hundreåret - ingenting er som det brukte og
           vera" v/Jørn Øyrehagen Sunde
         -Kl. 13.00 - 14.00: Prat og måltid i kafeen. Det er høve til å kjøpa seg middag/lunsj. Kafé er ope frå kl. 11-14.

  • Torsdag 24. august Treff+ kl. 11.00:
         - SeniorSurf, Seniornett kjem til Fjell frivilligsentral. Tema: sikkerheit på nett.
         - Fjell Seniorsenter er ope. Trekkspelmusikken startar opp 7. september og Bingo 14. september.
         - Skikkelig mat: Heimelaga raspeballar 175,- spis på staden, eller ta med heim.
         - Egon: Gratis kaffe til dei som bestillar lunsj.

  • 30. august kl. 13.00- 15.00: Språkkafe på Fjell folkeboksamling.

  • 30. august 18 -20: introkurs for frivillige: alle er velkomne!

  • 6. og 7. september 18 – 21: Nasjonalforeningen i Fjell har to-dagars kurs for frivillige som ønskjer å bli aktivitetsvenn for personar med demens.

  • 28. september 11.15 – 12.00: litterær matpakke for dei leseglade Fjell folkeboksamling (siste torsdag kvar månad).

Fjell frivilligsentral er sommarstengt i heile juli, men telefonen er bemanna. Frivillig sentralen opnar igjen tysdag 8. august.


Turbuss Vest stiller opp. Vivian Ananiassen og Jostein Nesse.

God sommar!


Publisert: 03.07.2017 15:11
Sist endret: 03.07.2017 15:28