Facebook ikon Twitter logo Print side

Takka av etter teneste i Fjell i 35 år

I går vart det markert at Bjørn Ove Aglen takkar av som lege i Fjell i 35 år. Han starta karrieren sin i Fjell i 1983 på legekontoret på Bildøyna.

Frå venstre; Terje Handal, Bjørn Ove Aglen og Stein-Inge Stigen
Frå venstre; Terje Handal, Bjørn Ove Aglen og Stein-Inge Stigen

Bjørn Ove Aglen har følgd ei formidabel utvikling av helsetenestene i desse 35 åra. Då han starta som lege i Fjell var det ei legevaktordning med ein kollegial avtale mellom legane. Frå 2005 har han vore smittevernlege i Fjell, og denne tenesta har han kombinert med å vera fastlege og helsestasjonslege.

- Eg vil takka for ein strålande jobb for Fjell både som fastlege, helsestasjonslege, smittevernlege og det du har gjort for legevakta. Jobben din har kanskje ikkje vore så synleg frå utsida, men du har alltid vore der. Fjell kommune har mykje å takka deg for, sa helsesjef Terje Handal på markeringa der også ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, kommuneoverlege Stein-Inge Stigen og leiande helsesøster, Berit Algrøy, var til stades.

Bjørn Ove Aglen var sentral då pandemien (svineinfluensa-epidemien) braut ut i 2009/2010.

- Det var mykje arbeid med pandemien, men eg opplevde at alle stilte opp i den krevjande situasjonen. I det heile har eg ikkje noko å klaga på, og det har stort sett gått smertefritt å arbeida i Fjell, sa Aglen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 14.09.2018 09:13
Sist endret: 14.09.2018 09:23