Facebook ikon Twitter logo Print side

Takka av for god innsats i Ungdommens kommunestyre

På det siste møtet i Ungdommens kommunestyre (UKS) før ferien vart det markert at fire av medlemene har fullført to år i UKS.

Dei medlemene som har fullført perioden sin i UKS fekk utdelt attest. Frå venstre; Tom Georg Indrevik (varaordførar), Roland Fredriksen, Ole Iben Pettersen og Frida Stavenes. Camilla Karense Høgøy var ikkje til stades på det siste møtet i UKS.
Dei medlemene som har fullført perioden sin i UKS fekk utdelt attest. Frå venstre; Tom Georg Indrevik (varaordførar), Roland Fredriksen, Ole Iben Pettersen og Frida Stavenes. Camilla Karense Høgøy var ikkje til stades på det siste møtet i UKS.

Varaordførar Tom Georg Indrevik, takka ungdomspolitikarane for god innsats gjennom dei to åra. Han sa at det er flott og viktig at dei vert engasjerte i planarbeid gjennom fleire arbeidsgrupper. Leiar Roland Fredriksen hadde sitt siste møte og takka for seg. Han opplevde at dei andre medlemene i UKS hadde vore greie, positive og løysingsorienterte og hjelpt han under leiinga av møta.

Behandla søknad om støtte

UKS behandla ein søknad om økonomisk støtte frå prosjektet «Fritidsklubb for barn og ungdom» på Foldnes. Leiaren av prosjektet orienterte om planane. UKS støtta idéen om fritidsklubb for barn og unge på Foldnes. Ungdomspolitikarane meinte likevel at det må arbeidast meir med søknaden for å få han meir konkret med målgruppe, aktivitetsplan, finansiering og tydelege ansvarsforhold og eventuelt fremja søknaden ved seinare høve.

Også arbeid med tiltaksplanen stod på sakskartet. Det vart ikkje tid til å behandla heile planen, men det vart lagt til eit punkt om at det nye UKS må drøfta korleis ein skal marknadsføra UKS og kva UKS kan bidra med for ungdom og kva tiltak UKS kan gje støtte til. Det vart også presisert i eige punkt at Marius Brakstad og Julie Henriette Vald Langum skal representera UKS i Seniorsurf-arbeidet.

Les referat frå møtet her.

UKS på det siste møtet før sommaren.
Frå det siste møtet i UKS før sommarferien.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.06.2017 13:23
Sist endret: 27.06.2017 13:33