Facebook ikon Twitter logo Print side

Takka Kurt Rune Andreassen for godt samarbeid

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte blomar til mangeårig direktør på Coast Center Base, Kurt Rune Andreassen, i forkant av behandlinga av sakene på kommunestyremøtet på torsdag. For kort tid sidan gjekk han av som direktør. Men han held fram som «seniorpensjonist» for å bruka hans eigne ord.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy takka Kurt Rune Andreassen for det han har betydd for fjell-samfunnet i mange år.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy takka Kurt Rune Andreassen for det han har betydd for fjell-samfunnet i mange år som næringslivsleiar.

Ordføraren rosa Andreassen for det gode samarbeidet gjennom mange år og for hans løysingsorienterte leiarstil.

- Kurt går på med stor iver og er løysingsorientert. Med sitt vesen og sine strategiske evner løyser han opp i flokar som måtte oppstå, sa ordføraren. Sjølv om det enda med at den flytta dokka frå Laksevåg hamna på havsens botn, rosa ordføraren Andreassen for bragda med å overta dokka på Laksevåg og få ho frakta til Ågotnes.

Kurt Rune Andreassen var overvelda over å få overrekt blomar i samband med kommunestyret. Han kvitterte med å dela ut mange verbale roser i retur.

- Det har vore ein flott samarbeidskultur mellom næringslivet og politikken i Fjell. Eg kan ikkje få skrytt nok av Fjell kommune. Vi har hatt mykje større utfordringar med andre kommunar vi har samarbeidd med, sa Andreassen. Avslutningsvis understreka han at den planlagde godshamna på Ågotnes vert realisert.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 23.05.2019