Facebook ikon Twitter logo Print side

Takkar av etter legeteneste i 39 år

Denne veka vart det markert at fastlege Kåre Aksnes hadde sin siste arbeidsdag som fastlege i Fjell den 30. mai. Same dag fylte Aksnes 70 år. I 39 år har han hatt legeteneste i Fjell, dei fleste åra saman med kona Helene som sekretær på kontoret.

Frå markeringa i går. Frå vesnstre; Astrid Hermansen Paulsen, Terje Handal, Helene Aksnes, Kåre Aksnes, Stein-Inge Stigen og Svein Fjelland (spesialrådgjevar).
Frå markeringa i går. Frå venstre; Astrid Hermansen Paulsen, Terje Handal, Helene Aksnes, Kåre Aksnes, Stein-Inge Stigen og Svein Fjelland (spesialrådgjevar).

Samstundes med at Kåre Aksnes no takkar av etter ein lang arbeidsbolk i Fjell kommune, vert fastelegeheimelen til Kåre overført til Kees Ihlhaug. Medan Aksnes dei siste åra har halde til i Litorbygget, går Ihlhaug inn i kontorfellesskap i Arkaden saman med fleire andre fastlegar.

Då Kåre Aksnes starta legegjerninga si i 1978, var det fire legar i Fjell. Kåre og kona Helene starta legepraksisen i kjellaren i heimebustaden på Foldnes. Legen engasjerte seg også i politikken og representerte Arbeidarpartiet i to periodar i kommunestyret på åttitalet.

- Eg vil takka deg for ein kjempefin innsats som lege i Fjell. Du har vore fleksibel, og vi har hatt eit svært godt samarbeid, sa kommuneoverlege Stein-Inge Stigen då Kåre Aksnes og kona Helene vart markerte med snittar og god kake på måndag denne veka.

Kåre Aksnes gav tydeleg uttrykk for at han likte måten Fjell kommune markerte avslutninga på ei lang legeteneste i Fjell.

- Fjell kommune er ein svært flott kommune å jobba i. Eg har ingen negative opplevingar med Fjell kommune. Vi har kost oss her, sa Aksnes.

Kåre Aksnes
Kåre Aksnes

Leiande helsesøster i Fjell, Astrid Hermansen Paulsen, takka for det gode samarbeidet med helsestasjonane. Også helsesjef Terje Handal takka for det Kåre og Helene har bidrege med overfor innbyggjarane i Fjell i fleire tiår.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 13.06.2017 13:19
Sist endret: 13.06.2017 13:32