Facebook ikon Twitter logo Print side

Talent viste seg fram på MOT-fest

Dommarpanelet og deltakarane på MOT-fest 2019 i Sotra Arena hadde ei krevjande oppgåve då dei skulle velja mellom 15 flotte Idol-innslag på scena i kveld.

Elise Hovland
Elise Hovland

Publikum let seg imponera av ungdomane som viste seg fram som om dei ikkje har gjort anna. Til sjuande og sist var det Elise Hovland (10 klasse) på Fjell ungdomsskule som gjekk av med sigeren. Dei to andre ho konkurrerte med i toppen var Markus Løkke på Danielsen ungdomsskule og Sandra Mari Taule Egeland på Tranevågen ungdomsskule. Men ut frå responsen frå publikum og dommarpanelet gjorde alle artistane det imponerande godt på scena.

- Eg tenkjer kanskje at du har den kulaste stemma i kveld. Denne stemma treng Noreg. Du har stemmekontroll heilt fram til Voss, var kommentarane frå dommarpanelet samansett av Tarje Strøm, Regine Oen Hatten, Erik Søfteland og Jens-Erik Aasmundseth då dei kommenterte innslaget frå Elise.

- Vi kan vera oss sjølv

Elise Hovland tok det heile med stoisk ro. Ho var nok likevel blant dei som var mest overraska over resultatet då ho med «What about us» av Pink gjekk heilt til topps.

- Denne songen kjenner ungdom seg igjen i. Bodskapen er at vi kan vera oss sjølv og at vi alle er fine nok, seier Elise som reknar seg som amatør og øver med karaoke.

Mor til Elise hadde filma Elise med mobiltelefonen når ho song. Når læraren fekk sjå dette, var vegen til å melda Elise på Idol kort. Etter at ho no har fullført 10. klasse, er det klart for to år på Metis vidaregåande skule før det vært læretid i militæret.

Premien var ein heil dag i studio for songinnspeling, ein pengepremie på to tusen kroner og at Elise får syngja på nattope på Sartor Storsenter.

G16 i Sortra Sportsklubb stilte med lag og var optimistiske før første kamp.
G16 i Sortra Sportsklubb stilte med lag og var optimistiske før første kamp.

Kommunikasjonsansvarleg for MOT, Regine Oen Hatten, opplyser at mellom 1 200 og 1 500 deltok på MOT-fest 2019. Etter det lokale Idol-showet var det klart for natt-cup i Sotrahallen. Seinare på kvelden var det nattcup (fotball) og konsert med Julie Bergan.

MOT-festen 2019 er mellom anna finansiert med støtte frå kommunane og Sparebanken Vest. Også Nye Øygarden kommune støttar opp om MOT.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå MOT-fest 2019:

Dommarpanelet. Frå venstre;Jens-Erik Aasmundseth, Erik Søfteland, Regione Oen Hatten og Tarjei Strøm. Elise Hovland, Markus Løkke og Sandra Mari Taule Egeland var dei tre som konkurrerte om Idol-tittelen til slutt.


Sist endret: 30.04.2019