Facebook ikon Twitter logo Print side

- Godt møte på Stortinget

- Eg opplevde dette som eit nyttig møte. Det seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, etter at ho saman med kollegaer frå nabokommunane i dag møtte stortingsrepresentantane frå Hordaland («Hordalandsbenken»).

Illustrasjon; Statens vegvesen
Illustrasjon; Statens vegvesen


Delegasjonen frå regionen var samansett av ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, Sund-ordførar Kari-Anne Landro, varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, rådgjevar i Fjell kommune Willy Sørensen og fjellordføraren.

Bompengesøknaden er no til behandling i Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet. Målet er at Stortinget behandlar stortingsproposisjonen i løpet av dette halvåret.

- Dette er særleg viktig ettersom det er stortingsval i september. Dersom ikkje saka vert lagt fram for Stortinget dette halvåret, vert behandlinga utsett til våren 2018. På møtet i dag vart det stilt nokre spørsmål etter innlegget frå delegasjonen. Det er ingen tvil om at stortingsrepresentantane frå Hordaland stiller seg positiv til Sotrasambandet og at bompengesaka vert behandla så raskt som mogleg, seier Sandahl Bjorøy.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 10.01.2017 22:45
Sist endret: 10.01.2017 22:52