Medlemene i Team Straume barnehage er stolte over å ha gått heilt til topps. Frå venstre; Vivian Olsen; Nina Kristoffersen, Helen Pfeiffer og Ine Rufus.
- Eg syklar til og frå jobb og trenar på treningssenter tre dagar i veka. På toppen av dette går eg ofte på tur i fjellet, seier ein ikkje så lite stolt medlem i Team Straume barnehage, Nina Kristoffersen.
Barnehagesjef Margun Landro seier at ho er stolt av dei spreke barnehagedamene som verkeleg har halde seg i form. I tillegg til at deltakarane sjølv er ivrige til å gå i fjellet utanom arbeidstid, har dei barnehagetilsette teke med seg barna på sjufjellstur, rett nok fordelt med eín fjelltur om gongen.
Cardiondans og body pump
Ine Rufus satsar på treningsstudio.
- Der vert det mykje cardiondans og body pump, seier Ine utan at den utsendte frå kommunen skjønar så mykje av kva dette er.
Helen Pfeiffer går mykje i fjellet i Spjeld- og Ågotnes-området og Sogn, medan Vivian Olsen er ein typisk turgåar. Benedikte Misje, som ikkje var til stades då Jeanett Nesse overrekte diplom og gåvekort i dag, går tur og trenar i treningssenter fire dagar i veka, fortel dei andre som tydelegvis veit nøyaktig korleis den enkelte i laget trenar.
- Vi satsar på topplassering også neste år, seier medlemene i Team Straume barnehage.
På dei neste plassane i Sykle til jobben-kampanjen kom Kvednatunet Mix og kontorrottene (!) i heimetenesta. 249 personar i Fjell kommune var påmeldte i kampanjen. 212 personar trimma 50 540 kilometer i 57 711 timar (9 180 økter).
Beste lag på kilometer var Kvedatunet Mix, medan Merete Turøy Midttveit og Sven Reiners fekk mest personlege poeng. Jane Haver kan skilta med flest minutt ( 12 039) og Sven Reiners med flest kilometer (2 817).
Fjell kommune hamna på 12. plass på landsbasis og fjerdeplass i Hordaland bak Bergen, Os og Lindås.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 26.06.2017