Facebook ikon Twitter logo Print side

Teikn til tale kurs

Fredag 19. oktober var lærlingar i helsefag og rettleiarar og lærlingar i barne/ungdomsarbeidarfaget samla til 6 timars intensivkurs i Teikn Til Tale i Kultursalen.

Teikn til tale kurs i kultursalen

Styrke samspel og språkutvikling

Teikn Til Tale blir brukt for å tydeleggjere talespråket og for å styrke samspel og språkutvikling. Teikna som blir brukt er dei same som døve brukar, men teikna blir brukt saman med tale. Nokre barn med utviklingshemming lærar mange teikn før dei klarar å si orda. Det kan brukast teikn for nokre få kjerneord eller for fleire ord i setninga.

Liv Golten, spesialpedagog i førskuleteamet til PPT

God øving

Kurshaldarar var Hege Steinsland Pettersen og Hanne Ulveseth Mikalsen, begge ressurspedagogar i barnehagane i Fjell og Liv Golten som er spesialpedagog i førskuleteamet til PPT.

Innhaldet i kurset bestod av ein teoridel, og mange praktiske øvingar. Kursdeltakarane fekk god øving i løpet av dagen.

Kursdeltakarane fekk god øving i løpet av dagen

Nyttige lenker

Det er også mange gode ressurssider for Teikn Til Tale på nettet. Link til desse finn du her:

Fotogalleri


Publisert: 22.10.2018 07:20
Sist endret: 22.10.2018 07:39