Facebook ikon Twitter logo Print side

Tek endeleg avgjerd om barnehage på Liljevatnet

Kommunestyret skal på møtet den 23. mai avgjera om Liljevatnet skule skal omgjerast til barnehage. Komité for drift og forvaltning (KDF) har tilrådd at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn.

Liljevatnet skule
Liljevatnet skule

Dersom kommunestyret sluttar seg til innstillinga, skal kulturskulen halda fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter.

Det er mangel på barnehageplassar i Fjell kommune. For å oppfylla rettane folk har for å få barnehageplass og at Fjell kommune skal vera attraktiv for barnefamiliar, er det føreslått å auka kapasiteten på barnehageplassar ved å gjera Liljevatnet skule om til barnehage. Kommunestyret har tidlegare vedteke at frå hausten av skal elevane på Liljevatnet gå på Brattholmen skule. Kostnaden med ombygging er rekna til 12,5-13 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Det er også føreslått at Svingen barnehage vert ei avdeling under Liljevatnet barnehage og avvikla i løpet av to år.

Andre saker i kommunestyret den 23. mai

  • Oppløysing av Øygarden brann og redning IKS
  • Nedkjemping av barnefattigdom, sak om kontingentordning
  • Orienteringssak om status på tiltak knytt til nedkjemping av barnefattigdom
  • Tellnes skule, etterbruk, 3. gongs behandling
  • Søknad om skjenkeløyve for Baltor AS/Escape Sartor Storsenter

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Sist endret: 16.05.2019