Facebook ikon Twitter logo Print side

Tenestetilbod til flyktningar

Fjell kommune har tatt imot nærare 300 flyktningar i løpet av dei siste åra.

Busettar Clarisse Okito på jobb i kommunen. Foto: Farshid Amini.

Alle er forskjellige når det gjeld helsetilstand, skulebakgrunn og erfaringar frå heimlandet. Kvar og ein har sine draumar, håp og framtidsplanar. Å gi eit godt og tilpassa tilbod til alle vi buset har kravd auka kasitet, kompetanse og skreddarsaum når vi utviklar tenestene. Brosjyren «Tenestetilbod for flyktningar» gir innblikk i korleis Fjell kommune har valt å organisera samarbeidet om flyktningar som kjem til oss.

Flyktningar som vert busette i kommunen har rett på dei same tenestene som andre innbyggjarar. Det å leggja til rette, til dømes ved å bruka tolk når det trengst, er viktig for å sikra at alle får reell tilgang på tenester. Ofte er det naudsynt med forsterka tilbod, særleg i starten. Dette er også tanken bak Kraftsenteret, der avdeling for flyktningar og tenesteutvikling er samlokalisert med lege, psykolog og helsesøstrer. Vaksenopplæringa, Bustadkontoret, Nav, skule og barnehage er andre viktige samarbeidspartnarar for å ta imot, kvalifisera og inkludera nye innbyggjarar.

Brosjyre om tenestetilbod til flyktningar


Publisert: 15.11.2018 09:50
Sist endret: 15.11.2018 09:56