Facebook ikon Twitter logo Print side

Tett tak på Lyngheia bufellesskap

I dag var det kranselag for Lyngheia bufellesskap. Bufellesskapet ligg solrikt til mellom Blombakkane bustader og Røde kors-huset på Straume. Etter planen er arbeidet sluttført i april.

Bufellesskapet ligg mellom Blombakkane bustader og Røde Kors-huset på Straume.
Bufellesskapet ligg mellom Blombakkane bustader og Røde Kors-huset på Straume.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at tomta kan virka liten og trong når du går inn på området, men utnyttinga av tomta er svært god.

- Plasseringa er god, og det er svært flott utsikt frå husværa. No får vi realisert sårt tiltrengte bustader. Eg må rosa politikarane på 70-talet som la til rette for helse- og omsorg i dette området, No gler eg meg til å møta alle saman til opninga til våren, seier ordføraren.

Bufellesskapet er tilrettelagde døgnbemanna bustader for bebuarar med nedsett funksjonsevne. Dei seks husværa er kvar på om lag 60 kvadratmeter, og prosjektet har ei ramme på om lag 42 millionar kroner. Kommunestyret skal komande torsdag ta stilling til eit framlegg om drift av bufellesskapet. Det vert felles leiing med Blombakkane bufellesskap. Det er lagt stor vekt på at bygget skal stå fram som «heimekoseleg» og ikkje som ein institusjon. Bygget vert realisert med støtte frå Husbanken (8,7 millionar kroner).

Frå venste; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Berner Elias Innvær /Byggmester Hitland) og prosjektleiar Jostein Foldnes (Fjell kommune).
Frå venste; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Berner Elias Innvær /Byggmester Hitland) og prosjektleiar Jostein Foldnes (Fjell kommune).

Svein Arthur Pedersen er leiar i NFU Sotra (Norsk Forbund for Utviklingshemmende). Til våren skal dottera Hanne (22) flytta inn i eitt av husværa.

- Det har vore eit godt samarbeid mellom oss og Fjell kommune om dette prosjektet. Dette er ei svært bra tomt som er godt utnytta, og alle husværa er sørvendt med eigen terrasse. Vi ser fram til at bufellesskapet er klar til innflytting i andre kvartal, seier Pedersen.

Byggmester Hitland har totalentreprise på prosjektet. Bygget er bygd som passivhus med solceller på taket.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå kranselanget:


Publisert: 16.11.2018 14:06
Sist endret: 16.11.2018 14:13