Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilbod om influensavaksine

Dei som er i risikogruppene, har no tilbod om influensavaksinering hos fastlege eller hos Helsetenjenester Vest - Reisevaksiner.

Ta vaksinen helst før 1. desember.

Foto: Colourbox

Dei som først og fremst bør ta vaksine er:

  • Alle personar som er 65 år eller eldre
  • Alle som bur i omsorgsbustad eller på sjukeheim
  • Vaksne og barn med:
    - diabetes (sukkersjuke), type 1 eller 2, uavhengig av kor alvorleg diabetesen er
    - kroniske luftvegsjukdomar, KOLS eller astma
    - kroniske hjarte-/karsjukdomar, hjartesvikt
    - nedsett motstandskraft mot infeksjonar, (t.d. personar som brukar immunsvekkjande medikament)
    - kronisk nyresvikt
    - kronisk leversvikt
    - nevrologisk sjukdom eller skade
    - svært alvorleg fedme, dvs kroppsmasseindeks (BMI) over 40
    - gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester.) Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon
    - anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

heimesida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om den årlege influensavaksinen.


Sist endret: 18.10.2019