Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår 340 millionar i investeringar neste år

Komité for drift og forvaltning (KDF) gav i ettermiddag innstilling til budsjett for 2017. Dersom kommunestyret vedtek dette den 15. desember, skal det investerast for 340 millionar kroner neste år.

Frå møtet i komité for drift og forvaltning i ettermiddag.
Frå møtet i komité for drift og forvaltning i ettermiddag.

Denne saka omfattar både kommuneplanen sin handlingsdel 2017-2020, årsbudsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Det var forslaget frå Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som fekk fleirtal i komitéen. Sotralista og Framstegspartiet røysta primært for sitt eige fellesforslag. Det same gjorde SV. Ved endeleg avrøysting vart innstillinga frå KDF til kommunestyret vedteke med åtte mot eí røyst (SV).

I tillegg til 286 millionar kroner som investeringsramme i innstillinga frå rådmannen, har komitéen lagt til 54 millionar kroner i utbetring av vegar (finansiert med bruk av kapitalfond), to millionar kroner til utgreiing og forprosjekt for utbygging av Bjorøy og Skålevik skular (totalt fire millionar kroner). Det er også lagt inn fleire tiltak, rehabilitering (drift) m.m. på totalt 20 millionar kroner (arbeidsløysetiltak finansiert av staten).

Sotralista og Framstegspartiet fekk ikkje fleirtal for mellom anna å nytta 100 millionar kroner til utbetring og bygging av vegar. SV fekk heller ikkje fleirtal for sitt framlegg der partiet mellom anna går inn for innføring av skulefrukt og grønt i ungdomsskulen. SV fekk fleirtal for eit forslag til handlingsplan om å arbeida for større openheit og at det i ei sak skal vurderast om kommunestyremøta skal streamast (overførast direkte på nett-TV).

Kommunestyret vedtek budsjett, handlingsplan og økonomiplan den 15. desember.

Her er forslaga til budsjett, handlingsplan og politiske prioriteringar:

I saksutgreiinga kan du lesa meir om budsjettsaka, mellom anna grunnlagsdokumenta frå rådmannen.

Andre saker i KDF i dag:

  • KDF går inn for at Fjell kommune søkjer om medlemskap i Transparency International Norge (arbeid retta mot korrupsjon). Saka går til kommunestyret.
  • KDF går inn for at kommunestyret godkjenner ein trekkrett på inntil 200 millionar kroner. Saka kjem på bordet som følgje av at Fjell kommune frå 14. desember har DNB Bank ASA som hy hovudbank. Saka går til kommunestyret.
  • Arbeidsprogram for plan og kulturminne 2016-2020 vart godkjent.
  • KDF vedtok å prioritera innkomne søknader om spelemiddeltilskot til ordinære anlegg og nærmiljøtiltak for 2017 i samsvar med tilrådinga frå rådmannen.
  • Komitéen slutta seg til rådmannen sitt framlegg til høyringsuttale om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020.
  • KDF tok sak om IKT-strategi til orientering. Dette inneber at det ikkje vert utarbeidd rullert IKT-handlingsplan som følgje av komande arbeid med kommunereforma. Investeringsnivået vert dermed vidareført på noverande nivå.
  • Sartor Butikkdrift AS, Sartor Storsenter, fekk innvilga salsløyve for alkohol i gruppe 1.
  • Bjørn Andersen (rektor på Fjell kulturskule) vert Fjell kommune sin kandidat til styrevert i Norsk kulturskuleråd, Hordaland for perioden 2017-2019.

Saka om «Endring i forskrift om vass- og avlaupsgebyr for Fjell kommune» vart utsett. Gebyrutvalet skal behandla saka før KDF behandlar saka i ekstramøte i forkant av kommunestyremøtet den 15. desember.

Sakene om «Folkehelseprisen 2016» og «Kulturprisen 2016» vart behandla for lukka dører.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 06.12.2016 20:00
Sist endret: 06.12.2016 20:09