Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å gjera Liljevatnet skule om til barnehage

Komité for drift og forvaltning (KDF) tilrår at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn. Kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Før behandlinga av sakene, orienterte rådmann Steinar Nesse om den økonomiske stoda etter drift i tre månader i 2019.
Før behandlinga av sakene, orienterte rådmann Steinar Nesse om den økonomiske stoda etter drift i tre månader i 2019.

Det er mangel på barnehageplassar i Fjell kommune. For å oppfylla rettane folk har for å få barnehageplass og at Fjell kommune skal vera attraktiv for barnefamiliar, er det føreslått å auka kapasiteten på barnehageplassar ved å gjera Liljevatnet skule om til barnehage. Kommunestyret har tidlegare vedteke at frå hausten av skal elevane på Liljevatnet gå på Brattholmen skule.

Kostnaden med ombygging er rekna til 12,5-13 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.. Det er også føreslått at Svingen barnehage vert ei avdeling under Liljevatnet barnehage og avvikla i løpet av to år. Spørsmålet om avvikling av Svingen barnehage vert sendt ut på høyring i seks veker med høyringsfrist den 15. mai.

Det er lagt til rette for 25 parkeringsplassar som «parker og køyr» (innfartsparkering). Dette kan stimulera til at foreldre vel Liljevatnet som barnehage og tek buss vidare etter å ha levert barna i barnehagen.
Konkret tilrår komitéen at rådmannen får fullmakt til å setja i gang arbeidet med å prosjektera og utføra tiltak som er lista opp i saksutgreiinga. Komitéen slutta seg til eit forslag til tilleggsformulering frå Ernst Einarsen (H) om at rådmannen i prosjekteringa kan tilpassa areala slik at ein optimaliserer bygget for at det vert best mogleg funksjonelt for brukarane.

Tilrådinga vart gjort med sju mot to røyster (Sotralista og uavhengig).

Endring av krinsgrenser

KDF vedtok at framlegg til endring av inntaksområda frå skuleåret 2019/2020 for fem barneskular og to ungdomsskular vert sendt ut på høyring til skuleleiinga, samarbeidsutvalet og FAU i dei aktuelle skulekrinsane. Høyringsfristen vert 30. april. Deretter vert dei to sakene lagt fram for KDF for endeleg behandling.

Framlegg til endring av forskrift om inntaksområde for barneskular gjeld Hjelteryggen, Brattholmen, Foldnes, Kolltveit og Knappskog.

Framlegget til endring av forskrift om inntaksområde for ungdomsskulelevane gjeld Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Nytt inntaksområde for Fjell ungdomsskule vert Bjorøy skule, Brattholmen skule, Foldnes skule, Hjelteryggen skule, Kolltveit skule og Knappskog skule. Inntaksområdet for Tranevågen ungdomsskule vert Landro skule, Skålevik skule, Ulveset skule og Ågotnes skule. Dei nye inntaksområda får ikkje tilbakeverkande kraft for elevar frå Knappskog som skal opp i niande og tiande klasse. Desse elevane held fram på Tranevågen ungdomsskule.

Etterbruk av gamle Tellnes skule

Komitéen går inn for at Tellnes Grendelag og Haganes Velforening får overta skuleeigedomen med skulebygning, ballbinge og leikeapparat for eí krone og at grendelaget dekkjer overdragingskostnadene. Avtalen inneber heftefri attkjøpsrett for Fjell kommune.

I februar hadde Plan- og eigedomssjefen møte med dei to grendelaga. Det var semje om at dei vil inngå samarbeid om drifta og at Fjell Karateklubb går inn som fast leiar. Det er også aktuelt at Dale/Dalseide velforeining og Kallestad/Trengereid velforeining har signalisert at dei kan vera interesserte i å leiga lokala på Tellnes ved behov.

Investeringsmidlar til standarheving og rehabilitering av bygg

KDF godkjende fordeling av investeringsbudsjett for ombygging/rehabilitering av bygg for 2019 innanfor ei ramme på 24 millionar kroner. Det vert teke atterhald om at nokre av tiltaka kanskje må forskyvast i tid.

Her er oversikt over prosjekta:

Oversikt

Fordeling av investeringsmidlar til vegutbetring

Komitéen godkjende fordeling av investeringsmidlar til utbetring av kommunale vegar for 2019. Ein god del av midlane skal gå til asfaltering.

Her er oversikt over kva midlane skal gå til:

Kommunalteknisk anlegg ved Brattholmen skule

Komitéen godkjende finansiering av totalentrepriseprosjektet som sikrar ny avkøyrsle, veg heilt fram til sjøen i Hestvika, nytt vatn- og avlaupsanlegg, parkeringsplass og ein mindre kai bak Brattholmen skule

Andre vedtak

  • Komitéen godkjende fordeling og bruk av budsjetterte midlar til trafikksikring av kommunale vegar for 2019. Midlane går til Bildøyvegen, Brattholmen skule (avkøyrsel og parkering) og reflekskampanje. Ramma for trafikksikring er 10 millionar kroner.

  • KDF godkjende å bruka 600 tusen kroner til utbetring av Kolltveit kai.

Komité for drift og forvaltning tok orienteringssak om status på tiltak knytt til nedkjemping av fattigdom til orientering. Denne saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 02.04.2019