Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å godkjenna plan for barnehage

Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Skorafjellet, Kolltveit, vert godkjend med dei endringane som kjem fram av saksutgreiinga. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for flytting av regulert barnehage. Planen står på sakskartet til komité for plan og utvikling den 3. april.

Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.
Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.

Planområdet er på om lag 13 dekar og ligg innafor detaljreguleringsplan for Kolltveit Vest. Planen har lege ute til offentleg ettersyn. Det kom inn fire merknader til planframlegget. Som følgje av merknadene, vert det tilrådd å fjerna bustadområdet frå planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn. Endringane ligg etter rådmannen si vurdering innanfor ramma av endringar som kan gjerast utan nytt offentleg ettersyn. Kommunestyret tek endeleg stilling til planen.

Frårår å leggja plan for Smålonane til offentleg ettersyn

Rådmann rår frå å leggja detaljreguleringsplan for næringsareal på Smålonane til offentleg ettersyn. Det litt føre plan om å leggja til rette for om lag 19 tusen kvadratmeter til plasskrevjande- og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar. Rådmannen meiner at det er vanskeleg å vita kva kvalitetsnivå og parkeringsløysingar for og sykkel kommunen skal leggja seg på. Han viser også til at kommunen manglar føringar for lokalisering av ulike typar handel som møter konseptet til tiltakshavar. Etter ei samla vurdering meiner rådmannen at
konsekvensane av planframlegget er såpass usikre at det vil vera vanskeleg å tilrå å legga det ut på høyring no. Også formannskapet skal gje uttale til samtykke til handelsareal.

Andre saker i KPU den 3. april

  • Framlegg til detaljregulering for Tibben, Trengereid, første gongs behandling.
  • Framlegg til detaljregulering for Ranen, Foldnes, første gongs behandling

Komitéen skal behandla sju klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 28.03.2018 01:11
Sist endret: 28.03.2018 01:16