Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å godkjenna plan for Landro gravplass

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk tysdag inn for at Fjell kommune godkjenner detaljreguleringsplan for Landro gravplass.

Landro gravplass. Foto: Fjell kommune
Landro gravplass. Foto: Fjell kommune

I tillegg til utviding av sjølve gravplassen, vert det lagt opp til å regulera fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen for å sikra forholda for gåande og syklande. Det er føreslått at eksisterande sjeneflor/løe skal takast vare på og nyttast som reiskapshus.

I saksutgreiinga går det fram at det er behov for å auka talet på gravplasser på Landro. Det er no berre om lag 40 plassar ledige, og formålet med planarbeidet er å utvida gravplassen for å dekkja behovet i eit perspektiv på 20 år. Ei utviding vil også ha kapasitet til å møta behov i Nye Øygarden kommune.

Det kom inn sju merknader til planen då han låg ute til offentleg ettersyn. Ingen av desse utløyser behov for å endra planen, men fleire av merknadene gjeld tema som skal følgjast opp gjennom det vidare arbeidet med grunnerverv og prosjektering. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Plan for Valderhaugane, Ågotnes, vart sendt tilbake til administrasjonen for komplettering.

KPU behandla 11 klagesaker. Tre av dei vart utsette for synfaring.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 06.06.2018 11:34
Sist endret: 06.06.2018 11:40