Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å godkjenna plan for plasskrevjande handel og detaljvarehandel

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på tysdag inn for å godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume.

Ill.: Sweco Norge AS


Planen legg til rette for 19 tusen kvadratmeter næringsareal som skal nyttast til plasskrevjande – og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar. Fylkesmannen og fylkeskommunen har motsegnspunkt til at det vert etablert detaljvarehandel utanfor sentrum.

Fjell kommune ber no om ei formell mekling med Fylkesmannen i Hordaland før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Dersom ikkje meklinga fører fram, og kommunestyret godkjenner planen, vert saka sendt via Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Legg ut plan for Grønamyrsvegen, Straume, til offentleg ettersyn
Komitéen vedtok å leggja framlegg til detaljregulering for Grønamyrsvegen, Straume, ut til offentleg ettersyn. Planområdet for Grønamyrsvegen er på 25 dekar og legg til rette for to areal med bustadblokker. Den høgaste blokka er på sju etasjar. Vidare er det planar om næringsareal fordelt på tre formål. Næringsbygga er på mellom to og fire etasjar. Det skal leggjast til rette for publikumsretta aktivitetar som vender ut mot eit torg (Grønamyrsplassen) og gatetun.

Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar og eit viktig bidrag i vidareutviklinga av regionssenteret Straume. Det vert lagt opp til trinnvis utbygging av planområdet.

Andre saker i KPU den 13. november

  • Plan for Hjortefaret, Midtre Fjell
    KPU går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Hjortefaret. Planområdet er på 80 dekar og legg til rette for om lav 40 bustadeiningar og fortetting i eit eksisterande bustadområde. Komitéen vedtok eit tilleggspunkt om at grensa mellom to av tomtene vert flytta to meter. Saka vert avgjort av kommunestyret.

  • Komitéen behandla sju klagesaker.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Sweco Norge AS

 


Publisert: 13.11.2018 18:05
Sist endret: 13.11.2018 18:11