Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å godkjenna plan for Tibben, Trengereid

Komité for plan og utvikling gjekk i går inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Foto/Ill.

Planområdet er på om lag 34 dekar og ligg på Trengereid. Formålet er å leggja til rette for å byggja totalt 17
bustadeiningar i form av rekkjehus og ein einebustad. I tillegg kjem infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass.

Planen har vore ute til offentleg ettersyn. Statens vegvesen hadde motsegn til planframlegget, men har seinare trekt motsegna. Dermed kan kommunen eigengodkjenna planen. Planområdet grensar til eit bustadområde som er under bygging i aust og ein godkjend plan for ei småbåthamn i vest. Området ligg
vestvendt til på ei hylle i terrenget og har gode sol- og utsiktsforhold. Bustadfeltet vert synleg frå Trengereidpollen, men vil ifølgje rådmannen ikkje bryta med silhuetten i landskapet.

Godkjende mindre endring av reguleringsplan

Det er søkt om å få godkjent ei mindre endring av reguleringsplanen for Angeltveit Vest, Angeltveit. Formålet med endringa er å endra plasseringa av arealformåla og forbetra terrengtilpassing av planen. Endringane bryt ikkje med intensjonane i gjeldande reguleringsplan, og komitéen godkjende planendring.

Komité for plan og utvikling behandla 14 klagesaker. Tre av dei vart utsette for synfaring.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ard arealplan

 


Publisert: 24.10.2018 12:41
Sist endret: 24.10.2018 12:44