Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å godkjenna plan for veg på Bildøyna

Rådmannen går inn for at kommunen godkjenner detaljreguleringsplan for kommuneveg 47 Bildøyvegen-Bildøyna. Komité for plan og utvikling behandlar planen på møtet den 8. mai.

Bildøyvegen. Foto: ABO Plan & Arkitektur
Bildøyvegen. Foto: ABO Plan & Arkitektur

Planen gjev grunnlag for utviding av ei vegstrekning på 1,3 kilometer med trafikksikring, gang- og sykkelveg, kryssutforming og andre fysiske tiltak.

Planen gjeld strekninga mellom kryss mot fylkesveg 258 ved gamle Bildøy bru til gamle Straumssundet bru. Vegen er planlagt med ein breidde på 5,5 meter pluss vegskulder og rabatt. I tillegg kjem gang- og sykkelveg på tre meters breidde. Det er lagt opp til ei fartsgrense på 50 kilometer i timen. Prosjektet er kostnadsrekna til 44,8 millionar kroner.

Etter offentleg ettersyn har det kome 13 private merknader og fråsegn frå fire offentlege instansar. Etter gjennomgang har rådmannen funne grunnlag for å koma i møte ein stor del av merknadene, men ikkje alle. Dersom KPU innstiller på at saka kan sluttbehandlast, går ho til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Ønskjer å endra plan for Straume Sjøfront

Tiltakshavar ønskjer å endra reguleringsplan for Straume Sjøfront. Denne planen vart godkjent i 2011. Rådmannen går inn for å leggja framlegg til reguleringsendring ut til offentleg ettersyn. Men det vert lagt til grunn endringar i planen. Rådmannen skriv at byggjehøgdene i planen må reduserast med eín til tre etasjar og talet på bueiningar må reduserast slik at dette står i forhold til reduksjon i etasjetal, kravet til tilfredsstillande lette tilgjengelege minste uteopphaldsareal og bebygt areal (BYA).

Rådmannen legg også til grunn at det må regulerast og etablerast ein snarveg frå Sjøfronten opp til fellesarealet. Det er vidare lagt til grunn eit rekkjefølgjekrav som sikrar at gang. og sykkeltunnelen mellom Kystbygarasjen og Straume Sjøfront er etablert og kan takast i bruk før innflytting i området.

Plan for Straumsfjellet

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Straumsfjellet, Arefjord, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planområdet på 16 dekar sentralt på Straume har som formål å leggja til rette for fem bustadblokker med til saman 83 bustadeiningar i tillegg til vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikerareal.

Går imot plan for Trettevika

Rådmannen vil ikkje rå til å godkjenna detaljregulering for Trettevika, Bjorøyna. Planen legg til rette for bustader i eit område som i dag er samansett av fem fritidsbustader. Planframlegget opnar for fem bustader med totalt seks bustadeiningar. Fylkesmannen har kome med motsegn ettersom planforslaget er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Han meiner at planen kjem i konflikt med strandsonevernet, landskapsverdiar og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Komitéen skal behandla ni klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 01.05.2018 23:14
Sist endret: 01.05.2018 23:20