Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å kjøpa aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark

Formannskapet rår til at Fjell kommune kjøper aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS. Det er inngått ein intensjonsavtale om kjøp av aksjane under føresetnad av godkjenning i kommunestyret.

Blå linje viser området eigd av Ågotnes Næringspark. Foto: Ågotnes Næringspark.
Blå linje viser området eigd av Ågotnes Næringspark. Foto: Ågotnes Næringspark.

Formannskapet slutta seg på møtet i dag til innstillinga mot to røyster (Sotralista og Frp). Dersom kommunestyret sluttar seg til forslaget, vil Fjell kommune ha ein eigardel i Ågotnes Næringspark AS på 21,1 prosent. Dersom det ikkje vert utbetalt utbytte frå selskapet, vert eigardelen 18,2 prosent.

Det vert lagt til grunn at kommunen vert representert i styret for selskapet. Kjøpet er føreslått finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. I tilrådinga frå formannskapet heiter det også at Fjell kommune godkjenner forlenging av vilkåra for siste frist for betaling av restsummen (75 millionar kroner) av eit tomtesal til Ågotnes Næringspark AS i 2014. Vilkåra for siste frist for betaling vert forlenga frå 2024 til 2034. Det skal betalast renter på resterande beløp i heile perioden for gjeldande avtale.

For kort tid sidan kjøpte KS CCB seg opp i Ågotnes Næringspark og eig no 100 prosent av aksjane. Næringsparken eig i dag to område på Ågotnes (sjå bilete), og det totale tomtearealet er på om lag 170 dekar. I 2014 kjøpte selskapet om lag 200 dekar frå Fjell kommune for 82 millionar kroner.

I 2016 gjekk byrådet i Bergen inn for at Ågotnes skal vera ny lokalisering av Bergen Hamn. I debatten i formannskapet på onsdag peika fleire medlemer på at kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark vil gje politisk påverknad over den vidare utviklinga i Ågotnes-området både når det gjeld framtidig hamn og potensiale for anna framtidig næringsutvikling.

Saka går altså vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Representantar frå Coast Center Base var også til stades som tilhøyrarar på formannskapsmøtet i dag. Frå venstre Cristian Valdes Carter, Gunnar Danielsen og Kurt Rune Andreassen.
Representantar frå Coast Center Base var også til stades som tilhøyrarar på formannskapsmøtet i dag. Frå venstre Cristian Valdes Carter, Gunnar Danielsen og Kurt Rune Andreassen.

Kritisk til byutgreiing for Bergen

Formannskapet vedtok ein høyringsuttale knytt til «Byutredning for Bergen» der Fjell kommune er kritisk til både måten utgreiinga er gjennomført på og sjølve innhaldet i utgreiinga.

Formannskapet i Fjell meiner at utgreiinga burde vore utarbeidd i samarbeid med dei kommunane som er omfatta av bergensregionen. Det vert peika på at utgreiinga er uklar med omsyn til kva geografisk nivå som skal liggja til grunn for nullvekstmålet. I tillegg er det ikkje avklaring av målkonflikten strategien har mellom Bergen sitt eige mål og nasjonalt mål om nullvekst.

I høyringsuttalen legg formannskapet mellom anna til grunn at heile bergensområdet vert arbeidd inn i det vidare utgreiingsarbeidet og at dei kommunane som inngår i definisjonen vert tekne med i det vidare arbeidet. Formannskapet ber om at det vert utgreidd nærare kva konsekvensar dei nye bomstasjonane vil ha for heile bergensregionen.

Les heile uttalen her.

Andre saker i formannskapet den 7. februar

  • Prosjekt kommune-ROS for Fjell, Sund og Øygarden
    Formannskapet slutta seg til at arbeidet med ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for Fjell kommune vert starta opp.

  • Konstituering av rådmann
    Formannskapet går samrøystes inn for at servicetorgsjef Lillian Torsvik vert konstituert som rådmann frå 2. januar i Steinar Nesses sjukefråvær. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

  • Høyringsuttale om forslag til endringar i vallova og valforskrifta
    Formannskapet slutta seg til framlegget frå rådmannen.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 07.02.2018 17:41
Sist endret: 07.02.2018 18:06