Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å kjøpa Vestnytt-bygget

Med åtte mot eí røyst (Sotralista) gjekk komité for drift i går inn for at Fjell kommune kjøper kontorbygget til Vestnytt på Skjenet 2 for 15 millionar kroner. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.


Vedstnytt-bygget på Skjenet, (Foto: Estima Vest).

Det er Vestnytt som har teke kontakt med kommunen med spørsmål om det kan vera aktuelt for kommunen å kjøpa bygget. I utgreiinga skriv rådmannen at han vurderer innspelet som interessant sidan kommunen manglar kontorplassar. Han meiner også at plasseringa av bygget er sentral når det gjeld avstand til rådhuset, tenestene i Straume helsesenter og kommunikasjons- og tenestetilbod på Sartor Storsenter.

Ein tilstandsrapport viser at det er behov for 1,5 millionar kroner til vedlikehald og nødvendige utbetringar. Det samsvarar i stor grad med Eigedomssjefen som har kalkulert vedlikehald og utbetringar til to millionar kroner. I tillegg må ein rekna med 750 tusen kroner til installasjon av heis i bygget. Det er føreslått å finansiera kjøpet med låneopptak.

På møtet i komitéen i går vart det stilt spørsmål om kor stort behov kommunen har for meir kontorareal. Rådmannen vil gje utfyllande informasjon om dette før behandlinga i kommunestyret.

Overfører areal for å få realisertg turnhall på Straume

Komitéen går samrøystes inn for at Fjell kommune overfører areal i Straume Idrettspark til Sotra Sportsklubb. Bakgrunnen er at Sotra Sportsklubb planlegg å byggja ein turnhall med parkeringsgarasje knytt til Sotra Arena.

Turnhallen er plassert delvis inn på parkeringsplassen til Sotra Arena i nord, og ein tredel av grunnflata ligg på eigedomen til Fjell kommune, medan resten av grunnflata ligg på Straume Idrettspark AS. Komitéen går altså inn for at Fjell kommune overfører den aktuelle delen av grunnflata frå Fjell kommune til Straume Idrettspark. Utbygginga vil føra til bortfall av 25 merkte kommunale parkeringsplassar og oppstillingsplass for ytterlegare 20-25 bilar ved store arrangement. Til erstatning har Sotra Sportsklubb sett av 25 parkeringsplassar til disposisjon for Fjell kommune på det planlagte parkerkingsarealet nordvest for turnhallen.

Turnhallen har ei samla grunnflate på 2 220 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 65 millionar kroner. I tillegg kjem innreiing, utomhusarbeid og etablering av seks nye banar for femmarfotball på restarealet på Sartorbanen. Hovuddelen skal finansierast med midlar frå Trond Mohn.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Andre saker i komité for drift og forvaltning i går

  • Organisering av Fjell frivilligsentral
    KDF vedtok at frivilligsentralen med verknad frå 1. mai vert organisert som ei ordinær kommunal eining der dagleg leiar rapporterer til rådmannen v/ Servicetorgsjefen.

  • TV-aksjonen 2017, oppnemning av kommunekomité
    Komitéen vedtok slik samansetjing av komitéen: Eli Årdal Berland (H, leiar), Hilde Elisabeth Lohmann Sandal (Ap), Tor Brekke (rektor på Kolltveit skule), Roland Fredriksen (Ungdommens kommunestyre), Trine Gulbrandsen (Sotra Rotaryklubb) og Kristin Brennhaug (KrF).

  • Forskrift om kriterium for tildeling av langtidsopphald i institusjon eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns teneste
    KDF vedtok den lokale forskrifta med eit tillegg til paragraf 3 om at vurdering og kartlegging av behov vert gjort i samarbeid med verge i tillegg til pårørande, nabo eller anna kontaktperson ved heimebesøk.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 05.04.2017 08:42
Sist endret: 05.04.2017 08:47