Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Komité for drift og forvaltning (KDF) gjekk på møtet tysdag kveld inn for å tilrå å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019. Tilrådinga om desse to skulane vart gjort mot tre røyster (Sotralista, SV og Frp).

Nærare 100 personar hadde funne vegen til Fjell rådhus for å få med seg behandlinga av "struktursaka".
Nærare 100 personar hadde funne vegen til Fjell rådhus for å få med seg behandlinga av "struktursaka".

Rådmannen sitt forslag om å flytta elevane på Skålevik mellombels til Ulveset frå august av vert ikkje gjennomført. Dette punktet vart med fem røyster vedteke teke ut. Mindretalet på fire (Sotralista, Frp, SV og KrF) støtta Sotralista sitt framlegg om at Skålevik skule skal bestå som i dag fram til det ligg føre godkjende planar og finansiering av ny skule på same staden.

I denne saka, «Strukturendringar i Fjell kommune», heiter det i samband med tilrådinga om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular at det er føresett at alle formelle prosessar vert gjennomførte innan planlagt tidspunkt for nedlegging. Det heiter også at rådmannen skal fremja sak om sjølve nedleggingane som mellom anna avklarar nytt skuletilbod for elevane.

Det vert også tilrådd at det «Raude bygget» på Foldnes skule vert rive og erstatta med nytt bygg. Elevane i 6. og 7. årstrinn går mellombels på Brattholmen skule til nytt bygg står klar til bruk. Vidare vert det innstilt at Bjorøy skule vert rehabilitert og at mellomsteget (5. – 7. årstrinn) går på Liljevatnet medan rehabiliteringa vert gjennomført. Det skal leggjast fram ei eiga sak om endring av skulekrinsane og at rådmannen vurderer nærare dei andre innsparingstiltak som er vist til i saka.

I tilrådinga til kommunestyret heiter det også at rådmannen vert beden om å finna ei løysing for at ROP-huset (ROP: rus- og psykiske lidingar) kan setjast i drift i september 2018 og at det vert fremja sak om start og drift av det nye lokalmedisinske senteret på Straume. Det vart også samrøystes vedteke eit nytt punkt knytt til investeringstilskot til sjukeheimar og heildøgns omsorgsbustader og plan for rehabilitering av Fjell sjukeheim.

Eit forslag frå SV om at kommunen skal sjå på skulestrukturen i samband med kommunesamanslåinga, i samråd med Øygarden og Sund kommunar, fekk to røyster og fall. 

Saka går no til behandling i kommunestyret den 22. februar.

Gruppemøte.
Gruppemøte.

Vil ta imot 20 flyktningar

KDF støttar rådmannen sitt forslag om at Fjell kommune buset 20 flyktningar i 2018. To av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige. I perioden 2015 til 2017 har Fjell kommune busett om lag 250 flyktningar. Av desse er 16 einslege mindreårige flyktningar. Fjell kommune har dei siste åra bygd opp tenesteapparatet til å ta imot , busetja og integrera flyktningar i fjellsamfunnet. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Går imot avgiftsparkering ved rådhuset og helselandsbyen

Komitéen gjekk samrøystes imot å innføra avgiftsparkering for tilsette ved rådhuset og helselandsbyen på Straume. Dette vert grunngjeve ved rådmannen si oppfølging og handheving av fleire tiltak lista opp i ei sak som vart behandla i kommunestyret i september 2017. Det vert rådd til at rådmannen evaluerer parkeringssituasjonen i løpet av første halvår 2019 og eventuelt vurderer nye tiltak for å sikra parkeringsplass for besøkande.

Nedkjemping av barnefattigdom

I ei sak om status om innsats til nedkjemping av barnefattigdom er det føreslått ei rekkje tiltak. KDF tilrår overfor kommunestyret å ta saka til orientering. Det er føreslått å vidareføra aktivitetskoret og å halda fram samarbeidet med Way Forward og Basecamp om tiltaket «Sommar for alle». Det er vidare forslag om å opparbeida utstyrsbod og å søkja om eksterne tilskotsmidlar til eit prøveprosjekt til styrking av Trygg Start. Det er også forslag om å leggja fram sak om tilskotsordning der lag og organisasjonar kan søkja om tilskot og sak der det vert utgreidd redusert betalingsordning. SV fekk støtte for nytt punkt om at vanskelegstilte familiar skal prioriterast ved tildeling av kommunal bustad.

Prioriterte søknader om tilskotsordning mot barnefattigdom

Komitéen prioriterte mellom fem søknader om tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet si forvaltning av nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Det vart vedteke å prioritera Aktivitetskortet, Basecamp («Sommar for alle»), Way Forward («Frå gata til idrett»), Fjell kommune v/ Frisklivs- og meistringssenter og KFUK-KFUM i prioritert i rekkjefølgje. Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om midlar. Totalt har dei fem aktørane søkt om 1,3 millionar kroner.

Andre saker

  • Prisar og stipend for året 2017
    Denne saka vart behandla for lukka dører.

  • Sals- og skjenkekontrollar 2017, oversikt
    Oversikta og utførte kontrollar vart teke til orientering.

  • Fordeling av investeringsmidlar til standardheving og rehabilitering bygg 2018, investerinsgmidlar til trafikksikring, investeringsmidlar til vegutbetring og investeringsmidlar til kaiar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 06.02.2018 20:18
Sist endret: 06.02.2018 20:45