Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å overføra Tellnes-elevane til Skogsvåg skule

Rådmannen føreslår å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Forslaget kjem etter at sakene har lege ute til høyring. Sakene skal først behandlast i komité for drift og forvaltning den 30. april. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.


Tellnes (til venstre) og Liljevatnet skular

Det er mellom anna føreslått at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. Det er ein føresetnad at kommunestyret i Sund er positive til ei slik løysing. I forslaget heiter det vidare at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Når det gjeld Liljevatnet skule, vert det føreslått at elevane samla vert overførte til Brattholmen skule og at kulturskulen held fram i lokala til Liljevantet skule. Det heiter vidare at skulen vert etter nærare utgreiing teken i bruk til andre kommunale tenester, til dømes barnehage. Det er også føreslått at skulen framleis vil vera ein samlingsstad i lokalmiljøet til fritid, lag og aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

I utgreiinga for saka om Liljevatnet skule skriv rådmannen at innsparinga ved at alle elevane går til Brattholmen skule vert på 5,2 millionar kroner i 2019 og 11,4 millionar kroner i 2020. Innsparinga ved å leggja ned Tellnes skule er kalkulert til 1,7 millionar kroner i 2018 og 2,5 millionar kroner i 2019.

Desse forslaga skal altså til behandling i komité for drift og forvaltning den 30. april. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland


Publisert: 24.04.2018 14:55
Sist endret: 24.04.2018 23:22