Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår å utvikla idrettsanlegget på Ågotnes

Komité for drift og forvaltning (KDF) gjekk i går samrøystes inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak for å utvikla Ågotnes idrettspark. I samarbeid med Nordre Fjell Allianse IL har Fjell kommune utarbeidd forslag til tiltak som vil betra kapasiteten på idrettsanlegget som kan realiserast på kort tid utan reguleringsendring.

Frå møtet i går.
Frå møtet i går.

I den første fasen er det forslag om å oppføra 9'arbane, 7'arbane, friplass på grusbana og oppgradering av lysanlegget der. Vidare er det forslag om å laga til leikepark og trimpark aust for grusbana, garderobebygg to stader, rehabilitering av naturgrasbana og nytt dekke på friidrettsbana. Det er også forslag om andre tiltak på seinare tidspunkt.

Dei totale kostnadene vil på kort sikt verta om lag 16 millionar kroner. Det er lagt til grunn vesentleg bidrag med dugnadsinnsats. Det ligg altså føre konkrete forslag til tiltak i saka, men rådmannen føreslår å koma tilbake til ny sak i formannskapet og kommunestyret med framlegg til finansiering. Saka går no til behandling i kommunestyret.

Føreslår å ta imot 25 flyktningar

Etter ein lengre debatt, innstilte komitéen på at Fjell kommune skal ta imot 25 flyktningar i 2017. Dersom ein vaksen har barn, kan det/dei inkluderast i dette talet (25). Debatten konsentrerte seg om Fjell kommune i tillegg skal ta imot einslege mindreårige flyktningar. Andreas Sjalg Unneland frå SV føreslo at Fjell kommune i tillegg til 25 vaksne flyktningar tek imot 10 einslege mindreårige flyktningar. Han vart ståande åleine om dette forslaget. Komitéen går inn for å gjennomføra ei evaluering av busetjinga av einslege mindreårige som vart busette i 2015 og 2016 før kommunen vurderer ytterlegare busetjingar frå denne gruppa. Kommunestyret avgjer saka.

Andreas Sjalg Unneland føreslo at Fjell kommune tek imot 10 mindreårige flyktningar i 2017.
Andreas Sjalg Unneland føreslo at Fjell kommune tek imot 10 mindreårige flyktningar i 2017.

Spelemidlar til turnhall på Straume

KDF går inn for at Sotra Sportsklubb får inntil 12 millionar kroner i forskotering av spelemidlar til oppføring av turnhall i Straume Idrettspark. Totalkostnadene for turnhallen er rekna til 73 millionar kroner. Over halvparten av investeringa vert finansiert med midlar frå Trond Mohn. Saka går til kommunestyret.

Etterbruk av Ekerhovd skule

Komitéen går samrøystes inn for at gymnastikksalen med garderobe, dusjanlegg og kjøken på nedlagte Ekerhovd skule vert overført vederlagsfritt (kr. 1,-) til Kobbeleia grendalag. Ballbingen på skuletomta vert flytta til området ved gymnastikksalen. Fjell kommune har heftefri atterkjøpsrett ved eventuelt vidaresal.

I endringsforslag til innstillinga vert det vidare bedt om at det vert sett i gang ein reguleringsplanprosess knytt til det resterande området. Skulebygga vert rivne, og eigedomen vert seld på den opne marknaden. Det vert også sett i gang ein reguleringsplanprosess knytt til Ekerhovd barnehage og at barnehagen vert seld på den opne marknaden.

Dersom Kobbeleia grendelag ikkje tek over gymnastikksalen, vert bygget rive. Også her vert det starta ein prosess med omregulering og at bygget vert seld på den opne marknaden. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilskot til kulturformål

Til møtet ligg det forslag om fordeling av totalt 668 700 kroner til lag, organisasjonar, arrangement, kulturbygg, trivselsmidlar, kulturvern o.l. På delegert fullmakt har rådmannen allereie fordelt vel 492 tusen kroner til driftstilskot til lag og organisasjonar, private idrettsanlegg og oppstartstilskot. Desse tildelingane er gjennomførte på grunnlag av føringar i kommunestyrevedtak, årsbudsjett og gjeldande retningslinjer. Komitéen følgde innstillinga frå rådmannen i alle dei sakene der vart gjort vedtak om tildeling. Sakene RS 17-20 viser tildeling rådmannen har gjort på fullmakt og sakene PS 43-48 viser tildeling gjort på møtet på tysdag.

Fri skuleskyss for nokre av elevane på Foldnes skule

Komitéen vedtok at elevar på Foldnes skule frå andre til fjerde klasse som må passera strekninga Foldneskrysset-krysset ved Grunnavågsvegen får fri skyss til og frå skulen i undervisningstida året rundt. Elevar frå femte til sjuande årstrinn som må passera same strekning får fri skyss til skulen i undervisningstida i perioden veka etter skulehaustferien til og med veka før skulevinterferien. Bakgrunnen for saka er at den aktuelle vegstrekninga er smal, uoversiktleg og utan fortau. Trafikkmengda har auka dei siste åra, og i samband med bygging av avlaupsanlegg på Våge, har anleggstrafikken til Larslia auka.

Komiteleiar Ernst Einarsen
Komitéleiar Ernst Einarsen

Andre saker i komité for drift og forvaltning den 6. juni

  • Økonomirapport pr. 1.tertial 2017
    Rekneskapen pr. 30.04. viser eit negativt netto driftsresultat på 25 millionar kroner. Les meir her .

  • Framtidas demensomsorg
    Komitéen tok saka til orientering. I saka går det fram at utvikling av eit kompetansesenter for menneske med demenssjukdom på Kvednatunet er ein del av framtida og følgjer i stor grad opp filosofien som ligg til grunn for utvikling av demenslandsby i Nederland.

  • Serviceerklæringar innan omsorg
    Serviceerklæringa vart godkjend. Komiteen bad vidare om at omsorgssjefen legg framresultatet av ei brukarundersøking, og orienterer om gjennomføring og innhald, til neste møte i komité for drift og forvaltning (KDF).

  • Frivillig innsats for eldre
    I samband med eit notat laga i samarbeid med det nasjonale Verdighetssenteret i Bergen vart det innstilt på at den skisserte modellen for berekraftig lokalt samarbeid mellom frivillig sektor og omsorgstenesta til kommunen skal leggjast til grunn i arbeidet med å utvikla frivillig innsats for eldre i Fjell. Den frivillige innsatsen skal vera eit supplement til dei kommunale, lovpålagde oppgåvene og vera med på å skapa trivsel, trim og tryggleik for dei eldre.

  • Oppstartssak om betre samordning mellom tenester i høve til å avdekkje og hjelpe
    barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar
    Komitéen tok oppstartssaka til orientering.

  • Temaplan for avfall 2015-2025. Høyringsframlegg, 1. gongs behandling.
    Komitéen vedtok å leggja temaplanen ut til offentleg ettersyn i seks veker.

  • Sjukelønnsforsikring til ordførar og varaordførar
    Komitéen går inn for å kjøpa sjukelønsforsikring for ordførar og varaordførar for perioden 01.07.2017 inntil nytt kommunestyre er vald i 2019.

  • Søknad om skjenkeløyve for Fusion Mat AS/Ruccola Cafe & Restaurant -
    Sartor Storsenter
    KDF går inn for at verksenda får innvilga vanleg skjenekløyve for alkoholgruppe 1,2 og 3.

  • Val av kandidatar til styret i Foreining
    Klubbleiar på dei kommunale ungdomsklubbane, Svein Ekrem, vart vald som styremedlem til Basecamp for to år. Helsesøster på helsestasjon for ungdom, Vivian Homefjord, vart vald som varastyremedlem for eitt år.

Under ymseposten fremja Monica Alvheim (Miljøpartiet Dei Grøne) eit oversendingsframlegg til formannskapet knytt til vannscooterkøyring. I framlegget ber ho om rådmannen om å utforma eit forslag til regulering av vannscooter-køyring som prioriterer friluftsliv og miljø, slik at vannscooter-køyring skjer minst 400 meter frå land og at ein på vegen dit maksimalt kan halda fem knop.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 06.06.2017 21:31
Sist endret: 07.06.2017 09:00