Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår endring av plan for Straume Sjøfront

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 4. juni ta stilling til vesentleg endring av delar av detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan.

Planområde og eksisterande situasjon. Foto: ABO Plan & Arkitektur
Planområde og eksisterande situasjon. Foto: ABO Plan & Arkitektur

Planen legg elles til rette for næringsareal, parkeringsplassar, offentleg strandpromenade og småbåthamn. Planen som no er klar for sluttbehandling, har fått 11 merknader i høyringsperioden. Fylkesmannen, som hadde motsegn til planen, har trekt motsegna etter dialog med kommunen.

I vurderinga går det fram at rådmannen meiner at Straume Sjøfront til ein viss grad tåler høgare byggjehøgder enn gjeldande plan, men nemner likevel at høge bygg skapar barrierar for kontakt mellom bueiningar og utemiljøet/nærmiljøet. Under tvil har han kome til at auke i byggjehøgdene kan aksepterast. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Plan for Espedalen, Kolltveit

Denne planen legg til rette for 24 bustadeiningar i form av konsentrerte bustader og infrastruktur. Planen inkluderer også to eksisterande einebustader. Planen er klar for sluttbehandling, og rådmannen går inn for at han vert godkjend. Kommunestyret avgjer saka.

Plan for Luren, Foldnes

Også denne planen er klar for sluttbehandling. Planen legg til rette for bygging av 17 nye bustadeiningar, infrastruktur, 10 nye naust, badeplass og småbåtanlegg for 17 båtar fordelt på to flytebryggjer. Rådmannen går inn for at planen vert godkjent. Kommunestyret avgjer saka.

KPU skal også ta stilling til plan for Steinsgardvegen, Landro (inntil 10 nye bustadeiningar). Planen er no til første gongs behandling, og rådmannen tilrår at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU skal ta stilling til fire klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her finn du saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 31.05.2019